Ingen positive covid-19-prøver etter testing på Nordfjordeid torsdag  

Prøvesvar tidleg fredag ettermiddag viser at alle dei 85 testane som vart tatt på Nordfjordeid torsdag er negative.

Blant dei som har fått negativt svar etter testing torsdag er mellom anna alle elevar og tilsette som onsdag vart sett i karantene ved Kjølsdalen Montessoriskule etter at ein lærar ved skulen hadde fått påvist covid-19. Desse og alle andre nærkontaktar held likevel fram i karantene, og dei vil verte kalla inn til ny test mot slutten av karanteneperioden.

Fredag vert nærare 60 personar testa på Nordfjordeid. Blant desse er elevar og lærarar i klasse 7B ved Nordfjordeid skule som er vart sett i karantene torsdag etter at ein elev i klassen fekk påvist covid-19. Svar på desse prøvene er venta laurdag.