Innspel til ROS-analyse Stad kommune

Stad kommune er i gang med å revidere overordna risiko- og sårbarheitsanalyse for heile kommunen. Ei overordna ROS-analyse skal avdekke kva risiko vi må ta omsyn til når vi planlegg beredskap.

For å lage ei god risiko- og sårbarheitsanalyse inviterer vi no til opne møte både på dagtid og kveldstid for å nå ut til alle som har innspel for å avdekke risiko i Stad. Invitasjonen går ut til bedrifter, organisasjonar og enkeltpersonar i Stad kommune.

Overordna risiko- og sårbarheitsanalyse skal fungere som eit fundament for kommunen og samfunnet sitt vidare arbeid med beredskapsplanlegging. 

Det blir felles arbeids- og innspelsmøte mandag 4. april kl. 12.00-14.00 og onsdag 6. april kl. 17.30-19.30. Møtestad Bryggja omsorgssenter.

Har du innspel kan du også sende desse inn via skjema under:

Gje innspel her