MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Invitasjon til dialogkonferanse - samarbeid om symjebasseng

Invitasjon til dialogkonferanse - samarbeid om symjebasseng

Stad kommune søkjer etter samarbeidspartar som kan vere interesserte i eit samarbeid om realisering av basseng i Selje.

SAMARBEID –er du/de interessert?

Har di bedrift eit prosjekt der det ligg til rette for samarbeid om etablering av nytt basseng?

Stad kommune ønsker velkomen til dialogmøte med leverandørar, entreprenørar og andre som som kan gi oss kunnskap om mulighetsrommet for alternative løysingar og samarbeid for etablering av nytt basseng.

Parallelt med denne prosessen, vil kommunen sjå på moglegheitene for å etablere symjebassenget i tilknyting til ny kommunal fleirbrukshall. 

Framdrift

DIALOGKONFERANSE 15. april kl. 10.00
Konferanse der Stad kommune presenterer sine ønskjer og dei interesserte kjem med innspel og spørsmål mv.

EIN TIL EIN KONFERANSE VEKE 17
Møte mellom interesserte og kommunen for å drøfte muligheter og avgrensingar

LØYSINGAR – LEVERINGSFRIST 15. mai kl. 12.00
Dei som er interesserte leverer sine innspel til Stad kommune

Stad kommunestyre skal få ei statusoppdatering på møte i juni. Vidare utgreiing og drøftingar vil skje utover sommaren og hausten. Kommunestyret skal gjere endelege val 29. oktober 2020.
            
Dialogkonferanse:
Konferansen vert gjennomført som videokonferanse.

Dato:
15. april kl. 10.00

Påmelding: innan 10. april til torfinn.myklebust@stad.kommune.no 

Kontaktinfo: 
Torfinn Myklebust
Tlf 481 49 494
E-post: torfinn.myklebust@stad.kommune.no

Kristine Dahl
Tlf 905 36 157
E-post: kristine.dahl@stad.kommune.no