Mål
Målet er å styrke kommunane sine evner og moglegheit til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenester, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste utfordringane kommunane står framfor på helse og omsorgsfeltet i framtida.
Kva kan ein søkje støtte til
I 2020 kan kommunen søkje om støtte til følgjande prioriterte område:
- Vidareutdanning av sjukepleiarar og andre høgskuleutdanningar
- Vidareutdanning innan ernæring og palliasjon
- Grunn-, etter, - og vidareutdanning av tilsette
- Kompetansetiltak om rus og psykisk helse
- Opplæring knytt til brukarstyrt personleg assistanse
- Innovasjonsprosjekt
- Nærare informasjon finn du i lenkje til fylkesmannen i Vestland
Tilskotet kan nyttast til å dekke utgifter til:
- Semesteravgift og eksamensgebyr
- Faglitteratur
- Reise og opphald- dekker som hovudreglen etter billigaste reisemåte/overnatting.
Før du søkjer
Før du søkjer utdanningstilskot og permisjon må du be om eit møte med leiaren din. Du må informere leiaren din om planane og avklare om studiet er noko som eininga eller kommunen har behov for og som kommunen kan tenkje seg å støtte. Di kompetanseheving må vere relevant for funksjonen og nyttiggjort i arbeidet. Vurderinga vil ha noko å seie for om du får innvilga permisjon med løn, delvis løn eller utan løn når studiedagar/eksamensdagar fell på dagar med arbeidsplan i kommunen.
Det vert som hovudregel ikkje innvilga permisjon med løn i praksisperiodar som er knytt til studiet.
For å få kompetansetillegg etter fullført utdanning, må utdanninga vere gjennomført etter avtale med leiar.
Korleis søkje stipend
Du søkjer stipend ved å nytte digitalt skjema /vedlagt skjema i lenkja.
Einingsleiarar og kommunalsjef for helse og omsorg tilrår kva søknader som vert prioriterte og sender samla søknad til fylkesmannen i Vestland.
Søknadsfrist
Tilsette har frist 10.03.2020 til Stad kommune.
Stad kommune har frist 22.03.2020 for samla søknad til fylkesmannen.
Kor mykje kan du rekne med å få i tilskot
Tilskotet dekkjer faktiske utgifter som du dokumenterer overfor arbeidsgjevar. Det kan gis inntil kr. 15.000 pr. 15 studiepoeng(eitt semester).
Når får du svar
Du får tilbakemelding på søknad innan 30.04.2020.
Dokumentasjon på utgifter
For å få utbetalt tilskot må du levere dokumentasjon for faktiske utgifter (med originale kvitteringar eller bankutskrift).
Vi ber om at du leverer dokumentasjon etter kvart semester, dvs. innan 30.06. i vårsemesteret og innan 25.11 i haustsemesteret. Dokumentasjon skal leverast til stab for personal og kommunikasjon.
Bindingstid
Dei som mottar tilskotet forpliktar seg til å fullføre studiet samt gå opp til eksamen. Bindingstid kan avtalast med den enkelte dersom kommunen yter vesentleg økonomisk støtte. Bindingstid er avgrensa til maks 2 år jf. HTA kap. 1 punkt 14.3 og gjeld frå det tidspunktet utdanninga er fullført og godkjent.
Utdanningspermisjon
Retten til utdanningspermisjon vert regulert av arbeidsmiljølova § 12-11, jf. også HTA kap. 1 punkt 14.2.
Om du kan rekne med å få permisjon med løn for å ta utdanning må drøftast med leiar på førehand. Einingsleiar og kommunalsjef bestemmer kva søknader som vert prioriterte.
Kortare permisjonar vert sakshandsama av einingsleiar.
I lengre permisjonar (over 1 månad) tilrår einingsleiar og søknaden vert sakshandsama av stab for personal og kommunikasjon.
https://stad.kommune.no/sd/skjema/STAD041/