MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Koronasmitte påvist i Stad

Koronasmitte påvist i Stad

Ein person i Stad kommune har fått påvist smitte med covid-19 etter prøve tatt torsdag 10. september.
 
Personen var allereie i heimekarantene då prøva vart tatt på grunn av nærkontakt med tidlegare stadfesta smitta gjest frå Bergen i samband med konfirmasjon.

Etter at prøveresultatet kom seint fredag kveld, har personen no gått frå å vere i heimekarantene til å vere i heimeisolasjon. Kommuneoverlegen følgjer opp med vidare smittesporing rundt den smitta. Nærkontaktar vert kontakta og sett i karantene, og testing vert organisert i samarbeid med legetenesta. Det er så langt ikkje påvist andre positive testar for covid-19 i samband med dette. Det er heller ikkje påvist covid-19 på andre prøver tatt i Stad kommune denne veka.
 
Med det ein veit no, er det ikkje mistanke om smitte inn mot barnehagar, skular eller arbeidsplassar i kommunen, og drifta vil gå som normalt.
 
Kommuneoverlegen ber innbyggjarane vere spesielt nøye med smitteverntiltak i tida framover. For å førebygge smittespreiing er det viktig at alle som er sjuke, held seg heime og får testa seg, og alle må ha auka fokus på god handhygiene og halde anbefalt avstand til andre.
 
Informasjon om testing og undersøking ved mistanke om covid-19 finn ein på Stad kommune si nettside, og generell informasjon om koronaviruset kan ein finne på helsenorge.no.
 
Kontaktperson:
Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.