Kulturmidlar

Kulturmidlar

Klikk for stort bileteSteinar Engeland 

KULTURMIDLAR 2020

Frivillige lag, foreiningar og andre organisasjonar i Stad kommune som driv kulturarbeid kan søkje kommunen om tilskot til drift og administrasjon av organisasjonen.

 

Søknad skal leverast elektronisk innan 15.06.2020

Retningslinjer:

  • Fordelinga av tilskotet til det enkelte lag og organisasjon, blir gjort administrativt etter følgjande  reglar:
  • Laget må ha eit styre, betalande medlemer og føre eige rekneskap (rekneskap må kunne leggjast fram på førespurnad)
  • Det er hovudlaget som søkjer og fordeler innan eigen organisasjon.
  • Søknaden skal vere levert elektronisk innan fristen (som blir annonsert)
  • Lag og organisasjonar som aktiviserer barn, unge og funksjonshemma, vert prioritert.
  • Løyvinga blir relatert til tal aktive medlemer, og søkjarane må på oppmoding kunne leggje fram medlemsliste med registrerte medlemer der medlemskontingent er betalt.
  • Minimumsløyving er kr. 1 000,- til kvar søkjar (så lenge avsett ramme tillèt det)
  • Unnateke frå stønad:
    • Lag som primært tek vare på dei yrkesmessige og økonomiske interessene til medlemmene.
    • Politiske parti (inkludert ungdomsorganisasjonar)
    • Statlege, fylkeskommunale og kommunale institusjonar/anlegg
    • Organisasjonar og personar utan direkte forankring i Stad kommune
    • Organisasjonar der ein viktig del av verksemda er å samle inn til andre formål
  • Der laget har eit overordna råd (t.d. Stad idrettsråd) skal desse ha saka til uttale før endeleg fordeling blir gjort.

 

Tildeling/ utbetaling:

  • Vedtak om tildeling av kulturmidlar blir sendt den som står som søkjar av midlane.
  • Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter reglane i forvaltningslova. 
  • Tildelte midlar blir innan 1 månad utbetalt til det kontonummer som står oppgjeve i søknaden

 

Søk om kulturmidlar

 

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Stad kommune (PDF, 2 MB)