Stad

Kva gjer du om du mistenker at du er sjuk med det nye Koronaviruset? 

Kva gjer du om du mistenker at du er sjuk med det nye Koronaviruset? 

Det er som kjend eit utbrot med eit nytt Koronavirus (COVID-19) i Kina, som ikkje tidlegare har vore påvist hos menneske. Den seinare tida er det og aukande forekomst i ei rekkje andre land.

Ring fastlegen eller legevakta

Symptoma på sjukdommen er som ved andre luftvegsinfeksjonar, som hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.
Kontakt lege på telefon om du har slike symptom og har vore i minst éin av følgande situasjonar:
•    Har vore i eit område med vedvarande spreiing av koronaviruset dei siste 14 dagane.
•    Har hatt nærkontakt med ein person som er bekrefta sjuk med det nye koronaviruset i løpet av dei siste 14 dagane.
•    Område med vedvarande spreiing av koronaviruset

Ta kontakt med lege på telefon for råd og avtale om undersøking:
•    ring fastlegen din eller
•    legevakt på telefon 116117

Godt førebudd i Norge

I Norge er vi godt førebudd på ein eventuell situasjon med smitte. Det ligg føre gode rutinar, og vi er godt utstyrt. I Stad kommune er det utarbeidd klare planar på korleis ein skal handtere personar der det er mistanke om mogleg smitte av COVID-19.  

Hand- og hostehygiene viktig

Vanlege smittevernsråd er viktige; vask hendene hyppig med vatn og såpe, ved hoste bruk anten papirlommetørkle eller host i albogen, og ikkje host mot andre menneske. Dette har og ein veldig god førebyggande effekt mot influensa, omgangssjuke og anna som har hyppigare førekomst no i vintermånadane.

Informasjon om Koronaviruset

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet følger nøye med på virusutbrotet. Du vil finne oppdatert informasjon og fakta på dei nasjonale nettsidene:
• Folkehelseinstituttet
• Helsedirektoratet

Information about coronavirus disease, COVID-19,  in English