VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Lokal høyring klagesak 202082-5 - Litleåsen mfl. i Stad kommune

Lokal høyring klagesak 202082-5 - Litleåsen mfl. i Stad kommune

Høyringsfrist 10.03.2020 
Stad kommune legg med dette følgjande primærnamn/gardsnamn ut lokal høyring i klagesak 202082-5, jf. § 8 i lov om stadnamn.

Saka gjeld fylgjande namn: 
•    Litleåsen / Lisjeåsen (ås) 
•    Furehaugane / Furehogane / Furehogen (haug) 
•    Kviehaugane / Kviehogane / Kviehogen (haug) 
•    Kviehaugen / Kviehogen (bruk 20/16) 
•    Rognhaugen / Rognhogen / Rognehogen (haug) 

Statens kartverk gjorde 14.10.2019 vedtak om skrivemåtane Litleåsen, Furehaugane, Kviehaugane, Kviehaugen og Rognhaugen i Eid kommune. Vedtaket vart påklaga i brev frå Harpefossen hyttegrend AS ved Arild Hjelmeland datert 19.11.2019 på skrivemåten av stadnamna Furehaugane, Kviehaugane og Rognhaugen og av Eid kommune i brev av 25.11.2019 på skrivemåten av stadnamna Litleåsen, Furehaugane, Kviehaugane, Kviehaugen og Rognhaugen. 
Når det vert reist klagesak, skal saka gjennomførast på same måten som den fyrste runden i saka, jf. § 12 femte ledd i lov om stadnamn. 
Kartverket sender med dette saka på lokal høyring i kommunen, jf. § 8 i lov om stadnamn. 

Lokal høyring av: 
•    Litleåsen / Lisjeåsen (ås) 
•    Furehaugane / Furehogane / Furehogen (haug) 
•    Kviehaugane / Kviehogane / Kviehogen (haug) 
•    Kviehaugen / Kviehogen (bruk 20/16) 
•    Rognhaugen / Rognhogen / Rognehogen (haug) 
vert med dette lagt ut på høyring med frist for å kome med innspel eller opplysningar innan 10.03.2020. Alle innspel må vere begrunna.


Innspel eller opplysningar sendast til: 
E-post: post@stad.kommune.no eller 
Postadresse: Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid 
Merk med sak 20/232 – Høyring klagesak 202082

For fleire opplysningar om namnet/namna, sjå innsynsløysinga til kartverket for SSR: http://norgeskart.no/ssr/. For meir informasjon om bruksnamn, sjå https://seeiendom.kartverket.no  (søk på: gnr/bnr, namnet på kommunen). 

Lokal høyring 

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av nedervde gards- og bruksnamn, seternamn, naturnamn og statlege anlegg. Før det vert gjort vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har serleg tilknyting til. Saker som gjeld bruksnamn skal eigarane få tilsende direkte frå kommunen. Det går fram av lista ovanfor kva for nokre bruk dette gjeld. 

Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor bed me om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen.

Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, ber vi om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene. 


Bruksnamn 

Etter lov om stadnamn har grunneigaren rett til å fastsetja skrivemåten av namnet på eige bruk dersom han kan dokumentera at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn (på offentleg kart, på skilt, i matrikkelen, skøyte e.l.), jf. § 5 tredje ledd i lov om stadnamn. Det er Kartverket som formelt vedtek skrivemåten. Men dersom grunneigaren ynskjer ein annan skrivemåte enn den Kartverket vedtek, kan han senda krav om det til Kartverket og leggja ved gyldig dokumentasjon. 

Normeringsprinsipp og saksgang 

Etter § 4 i stadnamnlova er hovudregelen å ta utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen og fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn. Skrivemåten skal vera praktisk og ikkje skyggja for meiningsinnhaldet i namnet. I utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn er det meir detaljerte føresegner om korleis stadnamn skal normerast. 

Skrivemåten i primærfunksjonen vil normalt vera rettleiande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar, t.d. for adressenamn som er like eller avleidde av namnet, jf. § 4 tredje ledd. Kommunen må difor setja på vent ev. pågåande saker som gjeld adressenamn og adressetilleggsnamn, der dei same namna inngår, til det er gjort vedtak på skrivemåten av primærnamna. Kommunen må ta omsyn til den vedtekne skrivemåten av primærnamnet når han skal gjera vedtak. 

Dersom klagaren ikkje får medhald i klagesaka, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker for endeleg avgjerd. Høyringssvar som er komne inn tidlegare, vil fylgja saka vidare. Desse treng ein difor ikkje senda inn på nytt.


Ver venleg å oppgje referansenummer 20/2519 dersom du tek kontakt med oss

Vedlegg:


13.02.2020
 

Kontakt

Roy Cato Hopland
Ingeniør
E-post
Telefon 57 88 58 69