Melde frå om gatelys som er ute av drift

Bilde av Francesco Ungaro fra Pexels

 

 

Det går mot mørkare kveldar, og vi får meir behov for lys i lampane langs vegane våre.

Dersom du oppdagar veglys langs kommuneveg eller fylkesveg som er ute av drift, vil vi gjerne ha beskjed om det.

Vi planlegg no ei samlerunde i heile Stad kommune med pæreskift og reparasjonar no framover. For å få med alle mørklagde lampar, er vi avhengige av tips frå dykk som brukar vegane.

Så ser du mørklagde lampar, ber vi om at  melder dette inn på digitalt  skjema. Vi oppmodar alle om å nytte dette skjemaet for at vi lettare kan sortere ut kva gatelys kommunen har ansvar for. 

 

Du finn skjemaet her