MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Melding om kloring av drikkevatn Stadlandet vassverk

Melding om kloring av drikkevatn Stadlandet vassverk

Stad kommune har igangsett kloring av drikkevatnet frå Stadlandet vassverk. Det vert gjort for å fjerne uønska bakterievekst i ledningsnettet. Klor kan gje litt lukt og smak av vatnet. Vatnet er godt drikkande, og koking er ikkje naudsynt. Tiltaket er mellombels og vil pågå fram til vassprøvene syner at vatnet igjen er heilt reint og bakteriefritt.

Årsaka til oppvekst av uønska bakteriar er ikkje funne. Dersom du har mistanke om lekkasjar i terrenget, vil vi gjerne ha tips om det. Gje også beskjed dersom huset ditt er tilkobla ei alternativ vasskjelde, slik at vi får sjekka at der ikkje er innlekkasje av ureinsa vatn.

Kontakt oss på tlf 57885800 om dette. For spørsmål som haster: vakttelefon 90123222.