VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Mobildekninga i Stad kommune skal bli betre 

Mobildekninga i Stad kommune skal bli betre 

Stad kommune møtte fredag 7/2 Telenor for å gå gjennom kritiske punkt i mobildekninga i Stad kommune.

– Det er eit klart mål at alle husstandar i Stad kommune raskast råd må få tilgang til 4G-nett med gode signal og tilstrekkeleg kapasitet, og at vi også har 4G-dekning på vegnettet i kommunen, seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo.

På møtet gjekk Telenor sin dekningssjef Pål Lukashaugen gjennom ein konkret plan for forsterking av sendarnettet for å dekke bygder/husstandar i tidlegare Selje kommune med ingen eller dårleg mobildekning. Dei fleste av desse tiltaka vil bli gjennomført i 2020. Alle tiltak skal vere gjennomført i løpet av 2021. 
 
På møtet vart Stad kommune og Telenor samde om å lage ein tilsvarande plan også for bygder i tidlegare Eid kommune med dårleg/ingen 4G-dekning. Arbeidet med ein slik plan med prioritering av tiltak går i gang straks. Samtidig skal Telenor sjå konkret på tiltak som kan setjast i verk i Rimstaddalen på Bryggja, som er i ei særstilling når det gjeld dårleg dekning.

- Vi er utålmodige, men samtidig nøgde med at  vi no har fått etablert eit samarbeid med Telenor på nasjonalt nivå for å løyse manglane vi i dag har i mobildekninga i nye Stad kommune. Eg har tiltru til at Telenor no vil prioritere dette arbeidet, og at vi har ei felles forståing av kor viktig dette er for å kunne leve eit godt og trygt liv i alle deler av den nye kommunen.

Samtidig som det no blir sett fart i utbygginga av mobildekning, arbeider også Stad kommune med å sikre full breibandsdekning, i all hovudsak med fiber, i heile den nye kommunen. Fleire større utbyggingsprosjekt er på gang både i gamle Eid og Selje kommuner, og Stad kommune vil fortløpande få ut på anbod nye utbyggingsprosjekt i dei bygdene som enno gjenstår. Slike prosjekt blir gjennomført som spleiselag mellom stat/fylke, kommune, leverandør og eigenbidrag frå brukarane av fibernettet.


På bilde frå venstre: Norodd Stubhaug (Telenor), Anne Ruth Botn, Alfred Bjørlo, Pål Lukashaugen (Telenor), Svein Otto Melheim,  Hans Peter Eidseflot og Wenche Berget.