Motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling og vårryddedagen den 18. mars

Fjordane friluftsråd ønskjer å motivere frivillige til rydding i alle våre kommunar og tilgrensande kommunar. 

To personar som plukke søppel i fjære - Klikk for stort bilete

Bli med på Vårryddedagen 18. mars

Laurdag 18. mars er det den nasjonale Vårryddedagen, en nasjonal ryddedugnad for å gjere naturen fri for eigarlaust avfall på avvege. Vi er avhengig av hjelp frå frivillige,  både for å gjere naturen fin til vår og sommar, og ikkje minst for å rydde før sjøfuglane kjem for å hekke på holmar og skjær langs kysten vår. I den forbindelse ønskjer Fjordane Friluftsråd og Hold Norge Rent å ha med så mange som mogleg på ryddedugnad, og invitera lag, organisasjonar, privatpersonar og skular til å arrangere sin eigen ryddeaksjon. Dykk kan rydde både på strand/fjære, vassdrag og i by/bygd. Dersom ein ønskjer å rydde andre dagar enn 18. mars er man hjarteleg velkomen til det også.

Søk om motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling

Som drahjelp til frivilligheita lys vi no ut motivasjonsmidlar til tiltak mot marin forsøpling i våre medlemskommunar og tilgrensende kommunar. Midlane kan brukast til å dekke kostnad knytt til ryddeaksjonar eller førebyggjande tiltak. Denne utlysinga gjeld for tiltak som skal gjennomførast i vår og/eller sommar. Delar av midlane kan også gå til premie/inntekt til organisasjonar, lag og skuleklassar for eksempel som hjelp til en innsamlingsaksjon til skuletur eller nytt utstyr.

SØKNADSFRIST 19. februar.

Dykk kan lese meir om kva og korleis du kan søkje om midlar her:

Motivasjonsmidlar

Korleis arrangere ein ryddeaksjon?

Er du/dykk ny på strandrydding, eller lura på kva ein bør tenke på når dykk skal rydde? Les meir på Fjordane friluftsråd sin heimeside.

Eit tips før rydding kan vere å sjekke ut Kystlotteriet, kor ein kan vere med i trekning om fine premiar. NB: dette er andre sekker enn Hold Norge Rent sekker 😊

 

logo image- Plukk søppel og vinn premier

Når dykk ryddar kan dykk vere med i trekninga av mange fine premiar. Dette gjer de slik:

  • Hent ryddesekk og ryddehanskar hos et av utleveringsstadane våre (typisk kommunehus, renovasjonsselskap eller lokal butikk, sjå https://fjordanefr.no/strandrydding/#utstyrslager for utleveringsstad nær deg. Det kan òg bestillast ryddeutstyr gratis på www.Holdnorgerent.no.
  • Scan QR-koden på sekken eller klikk på lenken under og følg instruksjonene for å registrere sekken og motta lodd
  • Her kan du hente og levere inn Kystlotteriets ryddesekker: https://elvoghav.no/prosjekter/kystlotteriet/her-kan-du-levere-hente-sekk/
  • Lever sekken til godkjent avfallsmottak, utsatt container eller avtal handtering med Fjordane Friluftsråd.
  • Registrer aksjonen på www.ryddenorge.no eller bruk rydde-appen på mobil. Knytt aksjonen til Fjordane Friluftsråd
  • Del gjerne bilde av ryddeaksjonen på sosiale medier med #fjordanefr #kystlotteriet