MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Næringslivet i Stad stiller opp for TV-aksjonen: Nær 90.000 kroner samla inn på tre timar!

Næringslivet i Stad stiller opp for TV-aksjonen: Nær 90.000 kroner samla inn på tre timar!

Onsdag 14. oktober besøkte ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik i Stad kommune bedrifter på Nordfjordeid, Selje og Stadlandet og utfordra dei til å gi bidrag til TV-aksjonen 2020, som går til kampen mot plast i havet.

Resultatet var overveldande: Over 20 bedrifter sa ja på flekken, og bidreg med til saman nær 90.000 kroner til TV-aksjonen!

- Vi er imponert og glade for at bedriftene i Stad stiller så sterkt opp og er med på den viktige kampen for reint hav, seier Alfred Bjørlo og Siri Sandvik. Så godt som alle bedriftene som fekk besøk takka ja til å bidra, med beløp frå 1.000 kroner frå små bedrifter opp til 8.000 kroner frå dei største bedriftene – til saman ca 90.000 kroner. Dette er langt meir enn det nokon gong før har vore samla inn frå næringslivet i Eid og Selje i tidlegare TV-aksjonar. 

- Vi håpar gjevargleda frå små og store bedrifter inspirerer alle andre i Stad kommune til å gje sine bidrag til TV-aksjonen 2020, seier Bjørlo og Sandvik. – Kampen for eit reint hav og å få slutt på plastureining er ei sak vi alle står saman om. Sjølv om det ikkje er vanleg bøsse-innsamling i år på grunn av korona, så er det lett å gje pengar digitalt, og vi oppmodar alle til å bidra.

Her kan du sjå innsamlingsresultat for Stad kommune so langt. Bidrag til dei digitale bøssene vil kome med i denne oversikta på sjølve aksjonsdagen søndag 18. oktober. 

Om der er bedrifter som ikkje har fått besøk av ein ordførar eller varaordførar så er det kjekt om de støttar TV-aksjonen! Her kan du registrere di bedrift sitt bidrag.

Privatpersonar som ønsker å støtte TV-aksjonen kan gje sitt bidrag til Stad kommune si digitale bøsse via Vipps, kort eller faktura HER.

Hjarteleg takk til alle bedriftene som bidrog til duellen i går:
‒    Hamna
‒    Bakehuset Tunold
‒    Opal
‒    Eid Motor
‒    Eid Elektro
‒    Lefdal Invest 
‒    Normatic
‒    Norgesvinduet
‒    Norsk Fjordhestsenter
‒    Strømmen
‒    Chatlet Nordfjordeid
‒    Vest Auto
‒    Rema 1000 Nordfjordeid
‒    Ervik Havfiske 
‒    Paneda
‒    Blåmyra
‒    Fiskevegn 
‒    Selje Auto
‒    Sagaboat
‒    Uniformpartner Selje
‒    Joker Flatraket