Nordfjord-feiring av Rv15 Strynefjellet

Nordfjordrådet feira i går Stortinget si støtte til ny tunnel på Rv 15 Strynefjellet med «Strynefjellskake».

- Vi er utruleg glade og letta over at eit samla Storting slår fast at det skal byggast ny lang tunnel på Strynefjellet, og at bygginga skal starte i første del av NTP-perioden (2022-2027). Dette betyr ein tryggare kvardag for alle som har vegen som arbeidsplass, betre rammevilkår for næringslivet – og det har enormt mykje å seie for vidare vekst, utvikling og optimisme i Nordfjord, så vel som på Sunnmøre og regionane aust for fjellet. Det seier leiar i Nordfjordrådet, Alfred Bjørlo.

- Nordfjord har stått samla i kampen for Strynefjellet i ny Nasjonal Transportplan. Det har blitt lagt merke til, og vore med å skape det nødvendige trykket i saka til at eit samla Storting no støttar vår sak i innstillinga frå Transportkomiteen til Nasjonal Transportplan 2022-2033. Nordfjordrådet vil takke alle som har bidrege i kampen så langt - ikkje minst næringslivet og alle andre eldsjeler som har mobilisert og skapt eit «grastrotopprør» for ein sikker heilårsveg mellom aust og vest over Strynefjellet, seier Alfred Bjørlo.

Foto frå venstre: Ola Teigen (ordførar Kinn), Per Jarle Myklebust (varaordførar Gloppen), Per Kjøllesdal (ordførar Stryn og nestleiar i Nordfjordrådet) og Alfred Bjørlo (ordførar Stad og leiar i Nordfjordrådet).