Nordfjord med felles idé-liste til Storting og Regjering om koronatiltak

Nordfjord med felles idé-liste til Storting og Regjering om koronatiltak

Det nyoppretta Regionale Beredskapsteamet for Nordfjord har i dag sendt ei idéliste til Regjering og Storting om tiltak som raskt bør på plass for å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa.

- Vi har dei siste vekene gjort ein omfattande jobb for å kartlegge situasjonen for næringslivet i Nordfjord, og kva konkrete tiltak som enno manglar for å hjelpe bedriftene våre.  Situasjonen er særleg alvorleg for reiselivsnæringa, men det er også stor utryggleik for framtida for bedrifter i andre bransjar. Nordfjord er ein region med eit sterkt og eksportretta næringsliv. Det er viktig for oss å gjere felles sak inn mot sentrale styresmakter, og ikkje minst vere mest mogleg konkrete på kva verkemiddel som no kan treffe dei behova vi har fanga opp i næringslivet. 

Det seier Alfred Bjørlo (leiar i Nordfjordrådet) og Jon B. Nesje (styreleiar i Visit Nordfjord), som har signert brevet. 

Kommunane Stryn, Gloppen, Stad og Bremanger har danna Regionalt Beredskapsteam Nordfjord for å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa, saman med næringslivet i Nordfjord, NAV Nordfjord, Visit Nordfjord og Vestland Fylkeskommune.  Alle ordførarane i dei fire kommunane (Per Kjøllesdal (Stryn), Leidulf Gloppestad (Gloppen), Alfred Bjørlo (Stad) og Anne Kristin Førde (Bremanger) sit i det regionale beredskapsteamet. 

Innspel (PDF, 2 MB) til Regjering og Storting om nye koronatiltak