Nordplan varslar oppstart av detaljregulering for Berstadvatnet drikkevasskjelde

Nordplan har i medhald av plan og bygningslova §12-8, varsla oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Berstadvatnet drikkevasskjelde i Stad kommune, Plan ID 2022017.

Stad kommune er tiltakshavar og Nordplan AS er utførande konsulent. Oppstart er annonsert i Fjordenes Tidende. Utfyllande informasjon er å finne på Stad kommune sine internettsider, www.stad.kommune.no, og på Nordplan sine sider http://www.nordplan.no/. Naboar og berørte partar vert med dette varsla direkte.
 

Bakgrunn for vald løysing

Stad kommune har kome til at Berstadvatnet er den mest aktuelle vasskjelda for eit større areal som inkluderer Selje -Kjøde og områda i mellom desse. Det kan også vere aktuelt å knyte på Flatraket.

Lokalisering og avgrensing

Planområdet ligg i tilknyting til Moldefjorden, ved rota av Stadhalvøya, i nær tilknyting til planområdet for Stad Skipstunell. Berstad om lag 5km frå tettstaden Selje i Stad kommune. Avstanden til kommunesenteret Nordfjordeid er om lag 60 km langs veg. Innanfor planområdet ligg ein bustad. Fylkesveg 618 går gjennom planområdet.

Meir utfyllande informasjon om planarbeidet går fram av planinitiativet som er utarbeidd i saka, de finn dette på saka: 22/4969 - Detaljregulering for Berstadvatnet drikkevasskjelde - planid 2022017

Innspel til planarbeidet

Det er høve til å kome med innspel/merknader til varsel om planoppstart. Alle skriftlege innspel blir vurdert og kommentert i saksframstillinga. Når eit framlegg til reguleringsplan er utforma, vert dette behandla av Stad kommune, med sikte på utlegging til offentleg ettersyn. Det vert høve til å kome med merknader til planen også ved offentleg ettersyn. Merknader eller innspel til planarbeidet skal vere skriftlege, og sendast:
på e-post til: sg@nordplan.no, eller i brev til Nordplan AS, Pb 224, 6771 Nordfjordeid, med kopi til Stad kommune, post@stad.kommune.no, eller til Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Frist for innspel er sett til onsdag 27.12.22