Ny fastlege ved Eid legekontor frå 1. februar1. februar tek Mari Holm til i ein nyoppretta fastlegeheimel ved Eid Legekontor. Det vil då vere 12 fastlegar i Stad kommune med tre fastlegar ved Selje legekontor og ni fastlegar ved Eid legekontor.På grunn av stadig fleire oppgåver og aukande arbeidsmengde for fastlegane, har Stad kommune over tid jobba med å redusere listestorleiken til kvar enkelt fastlege. Den nye fastlegeheimelen vert no oppretta ved at 240 pasientar vert overført frå kvar av fastlegelistene til legane Anita Orvik, John Matias Garlid og Torbjørn Flataker Lien. Overføringa skjer ved at HELFO gjer ei tilfeldig trekning av pasientar frå desse listene. Dei pasientane det gjeld vil få brev frå HELFO om at dei er tildelt ny fastlege frå 1. februar. Publisert08.01.2021 15.43 Sist endra08.01.2021 16.01