Ny høyring av kommunedelplan for sjøareala i Stad kommune

Andre gangs offentleg ettersyn av kommunedelplan for sjøareala i Stad kommune er no lagt ut på høyring med frist for å kome med merknadar 1. september. Du finn plandokumenta her og du kan sende innspel til høyringa her.

Stad kommune ved Stad formannskap vedtok i møte 10.06.2021, F- 21/089, å legge ut planframlegg for kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune for 2021 – 2031 til andre offentleg ettersyn med dei endringar som følger av vedtaket.


Formålet med planarbeidet er å legge til rette for meir næringsaktivitet i sjøområda, utan at dette kjem i konflikt med viktige naturområde, kulturminne, verneområde eller bruken av sjøområda som rekreasjon for fastbuande og besøkande.


Planframlegget består av kart og føresegner, planomtale og konsekvensutgreiing.


Andre offentleg ettersyn skal sikre at innbyggjarar, offentlege organ, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.
Forslag til planframlegg for kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune for 2021 – 2031 er tilgjengeleg på Stad kommune si heimeside under Aktive høyringar her


De kan òg sjå planforslaget på fylkesatlas her: https://www.fylkesatlas.no/share/78bc2f822c70
og på kommunekart her: https://kommunekart.com/klient/stad/stadinnbyggar?urlid=99f92d55-6d94-4a1b-a1ed-aea940335221

Frist for å kome med uttale til planframlegget er 01.09.2021. Uttala kan sendast inn via heimesida til Stad kommune under høyringar, på e-post til post@stad.kommune.no eller på papir til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
Merk uttala med sak 21/3576.

1 HØYRINGSBREV Kommunedelplan for sjøareal i Stad kommune - 2. offentleg ettersyn (PDF, 198 kB)

Saksframlegg (PDF, 2 MB)

Føresegner kommundelplan sjøareal - framlegg 2 (PDF, 2 MB)

KART Eidsfjorden - Utfjorden - Kommunedelplan for sjøområde (PDF, 2 MB)

KART Nordfjord Ytre - Kommunedelplan for sjøområde (PDF, 2 MB)

KART Stadhalvøya sør - Barmen - Flatraket - Kommunedelplan for sjøområde (PDF, 3 MB)

KART Stadhalvøya nord - Kommunedelplan for sjøområde (PDF, 2 MB)

Planomtale framlegg til andre off ettersyn (PDF, 11 MB)

KU - sjøareal Stad kommune rev. B, datert 14.06.21 (PDF, 16 MB)