MELDING

Info om korona i Stad kommune


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Nye reglar for besøkande i Hoddevika og Ervika

Nye reglar for besøkande i Hoddevika og Ervika

Stad kommune har innført forbod mot «villcamping» i avgrensa område i utmark i bygdene Ervika og Hoddevika på Stadlandet.

- Forbodet mot «villcamping» i Hoddevika og Ervika er innført for å ta vare på kulturlandskap, natur og miljø i desse heilt spesielle og sårbare områda, seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo. – Det er viktig å presisere at folk framleis er velkomne til å besøke, bade, surfe og elles vere ute i naturen i både Ervika og Hoddevika. Det er sjølvsagt også fullt mulig å ta inn på campingplassar og andre organiserte tilbod om overnatting i dei to bygdene. 

Stad kommune har innført forbod mot «villcamping» (overnatting med alle typar telt, campingvognar/ campingbilar, hengekøyer etc) i avgrensa område i utmark i bygdene Ervika og Hoddevika på Stadlandet. I Hoddevika er det også innført forbod mot å gjere opp eld i dei same områda som ein regulerer villcamping.

- For å legge til rette for eit godt opphald for alle, har Stad kommune i samråd med bygdelaga no auka kapasiteten på offentlege toalett og avfallshandtering både i Ervika og Hoddevika. Det blir også sett opp ny skilting for kva reglar som gjeld for ferdsel og overnatting. Utanfor dei avgrensa områda som no blir regulert særskilt, gjeld allemannsretten som vanleg i utmark i heile Stad kommune.

- Dei nye reglane er utforma i samråd mellom Stad kommune og grunneigarane i Ervika og Hoddevika, og er forankra i samrøystes vedtak i Stad kommunestyre i juni 2020. Vi ynskjer å legge til rette for langsiktig utvikling av Ervika og Hoddevika som gode stader å bu og besøke, men der all aktivitet skjer innanfor naturen si tålegrense og med omsyn til dei særskilte verdiane i område knytt til både natur, kulturlandskap og kulturminne, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Sjå meir informasjon og kart over dei aktuelle områda på Stad kommune sine heimesider, jmf https://stad.kommune.no/nyhende/nye-forskrifter-om-atferdsreglar-etter-friluftslova-hoddevika-og-ervik.5226.aspx .