Nye restriksjonar for besøk på institusjonaneStad kommune innfører svært strenge restriksjonar for besøkande til sjukeheim, heildøgns omsorgsbustad, bufellesskap og øyeblikkelig hjelp døgnavdeling. Publisert 13.03.2020 20.08 Sist endra 15.03.2020 00.08 Det er viktig å beskytte bebuarar i helse- og omsorgsinstitusjonane våre mot koronasmitte. Vi anbefalar derfor at du i den noverande situasjonen ikkje besøker eldre på slike institusjonar. Følgande personar skal no ikkje under noko omstende besøke kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar: • Personar som siste 14 dagar har vore i område med vedvarande spreiing av koronavirus • Personar som siste 14 dagar har vore i nærkontakt med person som er bekrefta smitta med koronavirus • Personar som siste 14 dagar har hatt teikn til luftvegsinfeksjon I samsvar med nasjonale tiltak vil institusjonar i Stad kommune berre ta imot besøkande som har gjort avtale med institusjonen på førehand, og der besøket er vurdert som strengt nødvendig. Ved tvil om den besøkande kan utgjere ein smitterisiko, skal dette evt. vurderast også av lege. Alle personar som har risiko for å vere smitta, skal no avvisast frå alle helse- og omsorgsinstitusjonar av denne typen i Norge. Før alle strengt nødvendige besøk til slike institusjonar må du ta kontakt med den aktuelle institusjonen pr telefon for vurdering og nærare avtale. Mer informasjon om tiltak for å beskytte risikogrupper finn du på helsenorge.no