VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Nytt frå Kommunestyret i Stad – februar 2020

Nytt frå Kommunestyret i Stad – februar 2020

Kommunestyret i nye Stad kommune hadde møte torsdag 6. februar 2020.

Stad kommune blir skipa 1.1.2020 ved samanslåing av Eid og Selje pluss Bryggja i tidlegare Vågsøy kommune.
Kommunestyret handsama 27 saker. Her følgjer ei oppsummering av nokre av vedtaka i møtet. Vedtaka var samrøystes der ikkje anna er opplyst.


Val av ungdomsråd, eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne
Kommunestyret valde følgjande medlemmer til Ungdomsrådet i nye Stad kommune:
Daniel Hildenes, Sarah Aldema, Marie Løviknes, Evan Samman, Malin Gangeskar, Sander Sneide, Mikael Dalsbø og Lisa Frogner. 

Ungdomsrådet samansett av to medlemmer frå kvar av ungdomsskulane i kommunen (Eid, Selje og Stadlandet), pluss to elevar frå Eid vidaregåande skule.

Kommunestyret valde følgjande medlemmer til Eldrerådet i Stad: Liv Stokkenes Jacobsen, Nils Eivind Rognes, Lars Svein Drabløs, Magny Myklebust, Laura Marie Fure, John Tenden og Gunvald Ludvigsen.

Kommunestyret valde følgjande medlemmer til Råd for menneske med nedsett funksjonsevne: 
Arny Borgundvåg, Ann Kathrin Ervik, Harald Kvame Hansen, Odd Rune Heggen, Johan Kroken, Sidsel Otnes og Bent Inge Borgund.  

Val av styre i Eid Industrihus
Eid Industrihus KF har hatt ansvar for utvikling av næringsareal og tilrettelegging for ny næringsaktivitet i Eid kommune, og vil bli vidareutvikla i den nye kommunen (inkludert namneskifte). Kommunestyret valde følgjande styre i selskapet som inntil vidare har namnet Eid Industrihus KF: Ove Bjørlo (leiar), Tore Hjelle, Margot Aasebø, Gunn Sande, Petter Bakke.

Vedtak vegnamn
Kommunestyret vedtok namnet Hennevegen på ein vegparsell i Hennebygda. Med dette har alle innbyggjarar i tidlegare Eid kommune og Bryggja fått vegadresse med namn og nummer.  Innføringa av vegnamn i tidlegare Selje kommune pågår, og vil i hovudsak vere ferdigstilt i løpet av 2020.

Fjordvarme i Selje og Leikanger
Kommunestyret vedtok å løyve 1,35 mill kr til å prosjektere utbygging av fjordvarmeanlegg i Selje sentrum og på Leikanger på Stadlandet.  Fjordvarme er ei energiform som gjev rimeleg og rein energi til oppvarming og kjøling, og er bygd ut med gode resultat i Nordfjordeid sentrum i fleire byggesteg. 

Nytt basseng i Selje
Det kommunale symjebassenget i Selje, lokalisert på Selje skule, har vore ute av drift sidan 2004. Ein anbodskonkurranse om rehabilitering/opprusting av det gamle bassenget har ikkje ført fram, på grunn av berre eitt innkome anbod som låg langt over tilgjengeleg økonomisk ramme. 

Kommunestyret vedtok med 20 mot 13 røyster å utarbeide rom- og funksjonsprogram for ein ny fleirbrukshall med symjebasseng i nærleiken av Selje skule. Samtidig vil det bli lyst etter samarbeidspartnarar som kan ha interesse av samarbeid om realisering av symjebasseng i Selje. 

Desse utgreiingane skal vere ferdige seinast i oktober 2019. Mindretalet ynskte alternativt å lyse ut på nytt anbod ei nøktern oppgradering av eksisterande anlegg. Eit samla kommunestyre vedtok at det uansett skal lagast eit opplegg for å sikre elevar i Selje ei tilfredsstillande symjeopplæring frå og med skuleåret 2020/21. Det vart også løyvd 1 mill kr til strakstiltak i garderobane ved Selje skule. 

Opprusting av brannstasjonen på Nordfjordeid
Brannstasjonen på Nordfjordeid stettar ikkje krav frå Arbeidstilsynet, og må rustast opp. Det er også stor trong for betre arealutnytting. Kommunestyret vedtok å ruste opp brannstasjonen, og samtidig sørge for nok kapasitet til at han kan huse alle tilsette i kommunalteknisk avdeling. Bygget vil også bli kobla på Fjordvarme-anlegget på Nordfjordeid for å gje betre inneklima og redusere energibruken.

Ombygging av Eid Eldretun
Kommunestyret i Eid vedtok i 2018 å bygge om Eid Eldretun/Fossevegen bufellesskap, i samband med at ein del av bebuarane der har fått plass på nye Hogatunet bu- og behandlingssenter. Standarden på rom, ventilasjon og varme skal hevast for bebuarane som er igjen, og det skal byggjast ut felles base for heimetenestene, psykiatritenestene og vernepleietenesta. 

Anbodet har vore gjennom ein rettsleg prosess som har forseinka oppstarten, men desse prosessane er no avslutta. Kommunestyret i Stad vedtok å godkjenne den endelege løysinga, med eit ekstra låneopptak på 7,1 mill kr. Planen er at ombygginga skal gjennomførast i løpet av 2020. 

Nye omsorgsbustader på Myroldhaug 
Kommunestyret i Eid vedtok i 2017 å byggje ut nye omsorgsbustader på Myroldhaug med tilhøyrande personalbase, for bebuarar med stor trong for personleg oppfølgjing. Det er planlagt ni omsorgsbustader og to hybelleilegheiter, med fem vaktrom. Deler av anlegget vert bygd som bufellesskap. Føremålet med utbygginga er å kunne gje eit godt og tidsmessig tilbod med stabilt, samla fagmiljø til brukarane av nokre av dei aller mest krevjande og sårbare tenestene i kommunen – som i dag er spreidde på mange einskildtiltak.  

Bygget har vore lyst ut på anbod to gonger, på grunn av anbod betydeleg høgare enn kostnadsramma. Kommunestyret i Stad vedtok no å gjennomføre prosjektet med ei samla kostnadsramme på 64,7 mill kr, herunder ekstra låneopptak på 11,3 mill kr. Utbygginga er delfinansiert med midlar frå Husbanken og Klimasats-midlar (bygging i massivtre).

Nytt masseuttak i Hjelmelandsdalen
Kommunstyret vedtok eit privat framlegg til detaljreguleringsplan for masseuttak i Hjelmelandsdalen. Masseuttaket er i tråd med arealdelen av Kommuneplanen, men kommunestyret presiserte at årleg uttak skal avgrensast til uttak av 3000 m3 faste masser. Vedtaket vart gjort med 26 mot 7 røyster. 

Spørsmål om venterom og tannlege
Ordførar svarte på spørsmål frå Gunnar Silden (V) om nytt service- og venterom i Selje sentrum, og frå Gunn Sande (Sp) om tannlegetenester til brukarane i tidlegare Selje kommune.  

---
Før møtet vart det som del av politikaropplæringa i Stad gjennomført ein eigen «Klimainspirasjonskonferane», i samband med Stad og Vestland sitt mål om null klimautslepp innan 2030. Konferansen samla nær 100 deltakarar i tillegg til kommunestyret. 

Kommunestyret signerte på møtet også ei beredskapsavtale med dei fire sanitetsforeningane i nye Stad kommune, og fekk overlevert ny talarstol til kommunestyresalen laga av elevar på Eid vidaregåande skule. 

Nordfjordeid, 10. februar 2020
Alfred Bjørlo, ordførar i Stad