Nytt frå Stad kommunestyre 6. mai 2021

Stad kommunestyre hadde møte torsdag 6. mai 2021. Kommunestyret handsama 29 saker. Her følgjer ei kort oppsummering av nokre sentrale vedtak. 

Tilstandsrapport for grunnskulen
Stad kommunestyre handsama den fyrste tilstandsrapporten for grunnskulen i Stad kommune. Skulane i Stad oppnår samla sett gode læringsresultat. 5. klasseelevane presterte betre enn både fylket og landet ved dei nasjonale prøvane sist haust. 9. klasseelevane sine resultat for lesing var om lag som snittet i fylket og landet, medan resultata i rekning var godt over snittet til både fylket og landet.. 

Kompetanse- og rekrutteringsplan for Stad kommune
Kommunestyret vedtok ein samla kompetanse- og rekrutteringsplan for Stad kommune 2021-2024, for å styrke arbeidet med å rekruttere og halde på tilsette med gode kvalifikasjonar i heile kommuneorganisajonen. Hovudstrategiane i planen er formulert slik: 

  • vi deltek i regionalt samarbeid om utdanning og rekruttering 
  • vi er ein attraktiv arbeidsplass 
  • vi legg til rette for innovasjon, utvikling og læring i organisasjonen 
  • vi er ei god lærebedrift

Kommunestyret vedtok også å styrke innsatsen for bustadetablering for å gjere det lettare for dei som vil ha jobb i Stad kommune å kunne flytte til kommunen. 

Samarbeidsavtale med Stryn om brannførebyggjande arbeid
Kommunestyret vedtok at Stad og Stryn skal gå saman om organisering av det brannførebyggjande arbeidet (inkludert feiing), med Stryn som vertskommune. Føremålet med ei felles brannførebyggande avdeling er å skape eit sterkt samla kompetansemiljø i Nordfjord, slik at førebyggande arbeid vert utført tilfredsstillande til beste for innbyggjarane. 

Utbyggingsavtale med Din Bustad 
Kommunestyret vedtok ei utbyggingsavtale mellom Stad kommune og Din Bustad Eiendom AS i samband med eit nytt bustadprosjekt i Lunden i Nordfjordeid sentrum. Føremålet med avtalen er å sikre utbygging av infrastruktur og tekniske anlegg i reguleringsplanområdet. Kommunen gjev som del av avtalen eit anleggstilskot på kr. 250 000,- til trafikktryggingstiltak, medrekna etablering av fortau og forsterka belysning, for å bidra til å sikre ålmenn trygg ferdsel for barn og unge til og frå skule- og idrettsområdet.

Lunden Bustadpark er eit prosjekt som vil gje 60 nye leilegheiter i Nordfjordeid sentrum, med planlagt byggestart i år. 

Godkjenning av årsrekneskap 2020
Kommunestyret godkjende årsrekneskap og årsrapport 2020 for Stad kommune og dei kommunale foretaka Stad Fjordvarme KF og Stad Eigedomsutvikling KF. Rekneskapen til Stad kommune for 2020 er gjort opp med eit overskot på 39,1 mill NOK, som vert sett av til fond. 

Bruk av ekstraordinær tilbakeføring frå KLP
Kommunane betaler kvart år inn midlar til KLP til framtidige pensjonsutbetalingar for tilsette i kommunen. På grunn av redusert avsetningskrav til framtidige alderspensjonar, har KLP sendt ut varsel til kommunane om ei ekstraordinær tilbakeføring av fondsmidlar. For Stad kommune sin del utgjer dette 50,7 mill NOK. Kommunane står fritt til å nytte midlane til dekking av pensjonspremie i dei årlege budsjetta eller å la midlane stå urørt for å gje årleg avkasting, evt. ein kombinasjon av desse alternativa. 

Stad kommunestyre vedtok å la den ekstraordinære tilbakebetalinga på kr 50,7 mill bli ståande på kommunen sitt premiefond hos KLP for å oppnå årleg framtidig avkastning.

Uttale om skredsikring
Kommunestyret vedtok ein uttale til Vestland fylkeskommune, i samband med at adminstrasjonen i Vestland fylke har utarbeidd nye kriterie for prioritering av skredsikringsprosjekt på fylkevegnettet, der prosjekt i distrikta i Vestland kjem dårlegare ut enn i dei nasjonale skredsikringslistene utarbeidd etter ein felles fagleg metodikk av Statens Vegvesen. Dette råkar mellom anna Fylkesvegen til Navelsaker i Stad kommune, og mange andre skredsikringsprosjekt i Nordfjord. Kommunestyret krev at Vestland fylke bruker innarbeidd, fagleg grundig forankra nasjonal metodikk på området slik det er gjort i Statens Vegvesen sin skredsikringsrapport frå 2019.

Spørsmål om endra fundamenteringsløysing Okla vindkraftverk
NVE har nyleg gjett løyve til endring av fundamenteringsløysing for Okla vindkraftverk. Formannskapet vedtok 29/4 å be ordførar krevje svar frå NVE på spørsmål knytt til dette vedtaket. Kommunestyret vedtok å stille seg bak Formannskapet sitt initiativ, og krevje snarleg svar frå NVE. Utval for Areal og Eigedom fatta 27/4 med 4 mot 3 røyster vedtak om at Stad kommune ikkje skal sende ei formell klage på vedtaket. Kommunestyret stadfesta at dette vedtaket er i tråd med delegasjonsreglementet og dermed eit lovleg fatta vedtak. 


Kommunestyret fekk i møtet orienteringar frå Harpefossen Skisenter v/ styreleiar Nils Magne Nedreberg, og frå Mobbeombod i Vestland fylkeskommune, Aina Drage.


Alle sakspapir og vedtak frå møtet kan lesast her. Alle vedtak var samrøystes der ikkje anna er opplyst. 

 


Alfred Bjørlo, ordførar i Stad, 10. mai 2021