Nytt frå Stad kommunestyre juni 2020

Nytt frå Stad kommunestyre juni 2020

Stad kommunestyre hadde møte torsdag 18. juni 2020. Det var det fyrste «fysiske kommunestyre-møtet» sidan februar. Kommunestyret handsama 45 saker, og gjorde mellom anna desse vedtaka.

Selja Kloster – etablering av samarbeid med Vestland fylkeskommune
Stad kommunestyre godkjende sluttrapporten for  eit omfattande prosjekt som har vore gjennomført på bestilling av tidlegare Sogn og Fjordane fylkeskommune om langsiktig og berekraftig utvikling av Heilagøya Selja og Selja Kloster som kulturminne og besøksmål. Det blir i rapporten tilrådd å etablere ein felles forvaltingsmodell for Selje Kloster mellom Stad kommune og Vestland fylkeskommune, men mål om å få denne på plass i løpet av 2020. 
Hamnesamarbeid mellom Stad og Bremanger
Kommunestyret vedtok å melde Stad kommune ut av Nordfjord Hamn IKS frå 1.1.2021, og i staden inngå eit samarbeid om hamneforvalting og utvikling av hamneanlegga med Bremanger kommune, slik tidlegare Eid kommune har hatt dei siste åra. 

Nye sals- og skjenketider for alkohol i Stad kommune
Eid og Selje kommune/Bryggja har hatt ulike salstider for øl i butikk. I Selje/Bryggja har det vore sal av øl i butikk kl 8-20 kvardagar og 8-18 laurdagar, medan Eid har hatt salstider 8-18 kvardagar og 8-16 laurdagar. Kommunestyret har no vedtatt at dei nye salstidene for øl i butikk i Stad kommune blir 10-20 på kvardagar og 10-18 på laurdagar. Siste salstid på skjenkestader blir sett til kl 02 fredag/laurdag og 01 søndag-torsdag for øl og vin, og kl 01 fredag/laurdag og 24 søndag-torsdag for sprit (over 22%). 

Forbod mot «villcamping» i Ervika, Hoddevika og Fure
Bygdene Hoddevik og Ervik har over tiid utvikla seg til svært populære utfartsområde for friluftsliv, ikkje minst knytt til surfing, og bygdene har tatt kontakt med Stad kommune for å få på plass eit samarbeid som gjer det mulig med berekraftig utvikling av bygdene som tek omsyn til kulturlandskap, sanitære tilhøve, gardsbruk med meir. Kommunestyret vedtok  å starte opp eit arbeid med forskrifter for Hoddevik, Ervik og også bygda Fure som regulerer «villcamping» og også gjer det mulig å innføre andre reglar som regulerer bruken av områda til friluftsføremål. 

Korona-pengar til å lage ny base for pleie- og omsorgstenestene i Selje
Stad kommune har fått tildelt eit ekstra tilskot frå staten på 4.1 millionar kroner for å gjennomføre ekstraordinært vedlikehalds- og rehabiliteringsarbeid i samband med koronakrisa. Kommunestyret vedtok å nytte midlane til rehabilitering av dei tidlegare biblioteklokala i Selje, slik at bygget kan nyttast til personalbase for pleie- og omsorgstenestene og lager for kommunale hjelpemiddel.

Forskottering av midlar til fotballbane og turveg 
Kommunestyret vedtok å forskottere til saman ca 600.000 kroner til oppgradering av lysanlegget på Eid Idrettspark på Nordfjordeid og turveg til dagsturhytta på Risnakken i Selje. Føremålet med forskotteringa er å avlaste den økonomiske byrda til lokale idrettslag. Pengane vil bli betalte attende når anlegga får tildelt spelemidlar/momskompensasjon.

Bruk av gjenverande midlar til kommunesamanslåing
Staten har løyvd om lag 25 mill kr til Eid og Selje kommune i samband med kommunesamanslåinga, for å dekke utgifter og eingongsinvesteringar i samband med danninga av nye Stad kommune. Det står no att om lag 1 mill kr av desse midlane. Kommunestyret vedtok å fordele desse midlane 40% til planarbeid for å forsere arbeidet med nye bustad-, fritids- og næringsområde i Stad, 40% til ekstern kulturbygging og stadutviklingstiltak, og 20% til tiltak retta inn mot born og unge sin kvardag.

600.000 kroner til Nordfjordbrua Anda-Lote
Kommunestyret vedtok å løyve 600.000 kroner i aksjekjøp i bruselskapet Nordfjordbrua, som arbeider med å avløyse ferjesambandet Anda-Lote med bru. Midlane skal nyttast til å fullføre forprosjekt for å ha ei ferdig godkjent bruløysing som gjer det råd å søke ferjeavløysingsmidlar og få gjort bruprosjektet klart for byggestart. 

Budsjettendringar
Kommuenstyret vedtok endringar i årsbudsjettet for 2020 på til saman 23,5 mill NOK – balansert mellom auka utgifter/reduserte inntekter og reduserte utgifter/auka inntekter. Korona-situasjonen gjer at det er større usikkerhet enn vanleg knytt til årsbudsjettet, og det vil bli nye budsjettoppdateringar seinare i år. 

Anleggsveg Okla – dispensasjon med utsett iverksetjing
Kommunestyret vedtok ikkje å ta til følgje klage på tidlegare vedtak om å gje dispensasjon til ny trasé for planlagt tilkomstveg til Okla vindkraftverk. Sjølve vindkraftverket fekk endeleg godkjenning av Olje- og energidepartementet i mars i år. Klagesaka på vegtraseen går no vidare til Fylkesmannen. Kommunestyret vedtok utsett iverksetjing av vedtaket til Fylkesmannen er ferdig med klagehandsaminga.

Fråsegn om støtte til Vestland som antirasistisk sone
Stad kommunestyre vedtok å stø opp om Vestland Fylkesting sitt initiativ om å erklære Vestland som antirasistisk sone, og å invitere til samarbeid i Vestland om å nå måla om meir mangfaldig representasjon og kamp mot rasisme. Fråsegna er lagt ved i eige dokument.

Fråsegn om Stad Skipstunnel
Kommunestyret vedtok ei fråsegn til Regjering og Storting med ein skarp reaksjon på nyhenda om at Samferdsledepartementet no har bestilt endå ei utgreiing om Stad Skipstunnel – som eit samla Storting har sagt skal ha byggestart seinast i samband med Statsbudsjettet for 2021 som blir lagt fram i haust. Fråsegna er lagt ved i eige dokument.