MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Nytt frå Stad kommunestyre september 2020

Nytt frå Stad kommunestyre september 2020

Stad kommunestyre hadde møte torsdag 10. september 2020. Kommunestyret handsama 25 saker, og gjorde mellom anna desse vedtaka. Vedtaka var samrøystes der ikkje anna er opplyst.

Felles forliksråd mellom Stad og Stryn
Stad kommunestyre vedtok å seie ja til å opprette eit felles forliksråd for Stad og Stryn kommunar, med verknad frå 1. januar 2021. Vedtaket føreset at tilsvarande vedtak vert gjort i Stryn kommune.  

Hamnesamarbeid mellom Stad og Bremanger
Kommunestyret vedtok å opprette eit administrativt samarbeid mellom Stad og Bremanger om å løyse oppgåver etter hamne- og farvasslova, med Bremanger som vertskommune for eit felles hamnekontor. Samarbeidet omfattar både forvaltingsoppgåver og utviklings-/utbyggingsprosjekt innanfor hamneområdet. Vedtaket vart gjort med 27 mot 6 røyster (Frp, SV og 1 Krf).  

Reglar for tildeling av kommunal bustad
Kommunestyret vedtok eit nytt, felles regelverk for tildeling av kommunale bustader. Dei fleste kommunale bustadene er bygd med finansiering frå Husbanken og er føresett brukt til personar med særskilte behov på bustadmarknaden, men i tidlegare Selje kommune er det også ein del bustader med opning for å kunne brukast som «fyrstegongsbustad» for tilflyttarar til kommunen.  

Nye felles forskrifter for Stad kommune
Kommunestyret vedtok felles politiforskrift for Stad kommune, samt felles forskrifter for spreiing av husdyrgjødsel, utvida bandtvang for hund og om open brenning og brenning av avfall i småomnar. 

Vedtak av Kommuneplanen sin samfunnsdel
Kommunestyret vedtok Samfunnsdelen av ny Kommuneplan for Stad kommune. Planen er grunnlag for alt vidare planarbeid i den nye kommunen, og set fast prinsippa for korleis Stad kommune skal utviklast i åra framover. I vedtaket ligg det m a at «Verdas beste vesle stad» skal vere den overordna visjonen for Stad kommune, og at Stad skal ta ein posisjon som «Distriktspionér» - ei føregangskommune for distrikts-Noreg. 

Planen inneheld også ein overordna arealstrategi, som fastset hovudprinsippa for Stad kommune sin langsiktige arealbruk, arealforvalting og stadutvikling. I denne arealstrategien er Nordfjordeid fastsett som kommunesenter, Selje og Leikanger på Stadlandet som lokalsenter og Flatraket, Bryggja, Kjølsdalen, Stårheim, Haugen og Hjelle som lokale knutepunkt. Det er også slått fast at Stad kommune ynskjer å legge til rette for spreidd bustad-, fritids- og næringsutbygging også utanfor senterstrukturen for å nå kommunen sine målsettingar om ein desentralisert struktur.

Andre saker
Kommunestyret handsama to grunngjevne spørsmål frå Gunnar Silden (V) om utsiktsrydding langs vegane i Stad kommune og framdrift i sak om nytt basseng i Selje. I saka «Spørsmål i møtet» stilte Jan  Vidar Smenes (Ap) spørsmål om kulturskuletilbodet i Selje, Gunn Sande (Sp) og Gunnar Silden (V) om føreslegne kutt i ferjeruter på Søre Sunnmøre og Siri Sandvik (Ap) om flyktningane i Moria.

Kommunestyret vedtok samrøystes å engasjere seg saman med Vanylven kommune for å stoppe føreslegne kutt i ferjerutene på Søre Sunnmøre, og med 29 mot 3 røyster (Frp) å sende fråsegn til Storting og Regjering om at Stad har kompetanse og kapasitet til å busetje flyktningar frå Moria. 

Alle vedtak frå møtet og sakspapir kan lesast her.