NYTT vedtak om karantene i Stad kommune 15.3

For å stoppe spreiing av Covid-19 og bidra til å halde i hevd nødvendige helse- og omsorgstenester gjer kommuneoverlegen i Stad søndag 15.03.2020 følgjande vedtak etter smittevernlova § 4-1 femte ledd.

Vedtak:

1) Alle som har vore på opphald i områda som vist i punkt 3, vert pålagde heimekarantene i 14 dagar etter at dei kjem til Stad kommune.

2) For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld dei til ei kvar tid gjeldande føringane til styresmaktene for konvertering av karantene til isolasjon.

3) Vedtaket gjeld per 15.03.2020 reisande frå følgjande område: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og dei geografiske områda som svarar til tidlegare Hordaland fylke og tidlegare Sør-Trøndelag fylke.

Transittopphald på flyplass i desse områda og heimreise direkte i egen bil frå flyplass, vert ikkje rekna som opphald i området.

Vedtaket vert gitt tilbakeverkande kraft frå og med 12. mars.

Reisande som ikkje har symptom, kan reise til planlagd opphaldsstad, men skal under reisa så langt det let seg gjere halde avstand til andre.

Reisande med symptom skal straks i isolering, og dei kan ikkje nytte offentleg transport.

Leiing av verksemder som er lista etter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gitt løyve til å gjere unntak for eige symptomfritt nøkkelpersonell når dette er strengt nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar. Vedtaket gjeld frå 15.03.2020 og gjeld inntil nytt vedtak er fatta.

Rettsleg grunnlag

Smittevernlova § 4-1 femte ledd gjev kommuneoverlegen, i kommunestyret sin stad, heimel til å sette i verk ulike tiltak i hastesaker når det er nødvendig for å førebygge ein allmennfarleg smittsam sjukdom eller motverke at den vert overført i befolkninga. Aktuelle tiltak går fram av bestemminga sitt første ledd - bokstavane a til e.

Grunnleggande krav ved iverksetting av tiltak etter § 4-1 går fram av smittevernlova § 1-5: "Smitteverntiltak etter loven skal være basert på en klar medisinskfaglig begrunnelse, være nødvendig av hensyn til smittevernet og fremstå tjenlig etter en helhetsvurdering. Ved iverksettelse av smitteverntiltak skal det legges vekt på frivillig medvirkning fra den eller de tiltaket gjelder.

Tvangstiltak kan ikke brukes når det etter sakens art og forholdene ellers vil være et uforholdsmessig inngrep."

Til grunn ligg også Helse og omsorgsdepartementet sitt vedtak av 13.03.20 om Forskrift om karantene mv. etter reiser utenfor Norden.

Grunngjeving

Covid-19 er erklært som eit alvorleg utbrot av allmennfarleg smittsam sjukdom som kan få alvorlege helsekonsekvensar for mange menneske. Sjukdomen er og erklært som ein pandemi og ei alvorlig hending av betyding for internasjonal folkehelse av WHO.

Helsedirektoratet vedtok 12.03.20 omfattande tiltak for å hindre spreiing av Covid-19 og for å bidra til å halde ved lag naudsynte helse- og omsorgstenester.

Helsedirektoratet tilrår mellom anna:

Helsedirektoratet ønsker at innenlands transport skal gå mest mulig som normalt, men vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser.

Vi oppfordrer til å unngå reiser som ikke er strengt nødvendig (både innenlands og utenlands), unngå offentlig transport hvis du kan, unngå andre steder hvor du lett kommer nær andre, unngå nærkontakt med andre.”

Covid-19-epidemien har i dag ulikt omfang i Norge. Folkehelseinstituttet har uttalt at epidemien no har gått over i ein ny fase der ein ikkje har klart å identifisere smittekjeda for alle som vert sjuke. Dette inneber at ikkje alle nye smittetilfelle lenger let seg spore til utlandet.

Vi har ikkje påvist smitte i Stad kommune så langt. Nabokommunen Stryn har påvist seks tilfelle av koronasmitte, men med det vi veit no, har ein god kontroll på smittevernet rundt desse tilfella med smitte påført i utlandet. Tilsvarande er det i regionen som svarar til tidlegare Sogn og Fjordane, totalt 10 kjende smittetilfelle som alle er gjort greie for som smitte knytt til utanlandsreiser. Dette gjer vår region til eit av områda i Norge med lågast smittepress. Med dei nye retningslinjene for testing som no er innført, risikerer vi raskt å miste denne kontrollen om vi ikkje få regulert smittepresset frå utsida av regionen. Det vert vurdert som avgjerande å redusere denne risikoen gjennom dette vedtaket. Kommunen generelt, og helse og omsorgstenestene spesielt, har avgrensa kapasitet. Vidare er det svært viktig å beskytte sjukehusa våre på best mogleg måte.

Dette vedtaket vert sett på som ei naturleg følgje av Folkehelseinstituttet sine tilrådingar, og Helsedirektoratet sitt nasjonale vedtak.

I den noverande situasjonen er det nødvendig å førebygge og motverke spreiing av covid-19, og det er avgjerande å få sett i verk tiltak raskt. Tiltaket er nødvendig både for å beskytte sårbare grupper og for å halde ved lag naudsynt kapasitet i helsetenesta.

Påbodet gjeld for Stad kommune med mindre anna særskilt vert bestemt.

Kommuneoverlegen si vurdering

Kommuneoverlegen si vurdering er at smitteverntiltaket har ei medisinskfagleg grunngjeving, er nødvendig av omsyn til smittevernet og for å halde ved lag tilstrekkeleg kapasitet i kommunen og i helse- og omsorgstenesta lokalt og regionalt. På bakgrunn av dette vert tiltaket vurdert som forholdsmessig og tenleg ut ifrå ei heilskapsvurdering.

Den samfunnsmessige nytten ved smitteverntiltaket er klart større enn den belastninga og ulempa det medfører for dei tiltaket gjeld. Frivillig medverknad er vektlagd i vurderinga.

Video - status for koronasituasjonen i Stad 15.3

15.03.2020

Thomas Vingen Vedeld

Kommuneoverlege i Stad kommune