Oppdatering covid-19-smitteInfo om status for covid-19-smitte i Stad kommune pr 8.12Ved Nordfjordeid skule har ein ny elev i klasse 1B fått påvist covid-19 med hurtigtest onsdag morgon. Eleven kan ha vore smittsam på skulen tysdag. Saka vert følgt opp med ny hurtigtesting av medelevane i klassen etter same modell som tidlegare. Eleven har ikkje vore i SFO. Elevar som har nytta same skulebuss som eleven tysdag, er også varsla av skulen og får utdelt hurtigtestar. Ved Hogatunet bu- og behandlingssenter har ein tilsett fått påvist covid-19 med hurtigtest tysdag kveld. Den tilsette har arbeidd i same avdeling som det har vore påvist smitte i førre veke. Den tilsette har testa negativt fleire gongar, men utvikla no milde symptom og fekk positivt svar på hurtigtest. Den tilsette er fullvaksinert. På grunn av dei forsterka smitteverntiltaka i avdelinga gir det nye tilfellet lite risiko for vidare smitte, men det vert likevel gjort fornya testing av andre tilsette og bebuarar ved avdelinga. Publisert 08.12.2021 21.41 Sist endra 08.12.2021 21.48