MELDING

Info om korona i Stad kommune


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Oppdatert info om koronaviruset 14. mars

Oppdatert info om koronaviruset 14. mars

Stad kommune følgjer situasjonen tett i samråd med nasjonale myndigheiter, og har ein høg beredskap.

Her finn du oppdatert info frå nasjonale myndigheiter.

Ny forskrift om karantene

Nye reglar for heimekarantene gjeld no også reisande som har vore i Danmark og Island. No skal alle som har vore i utlandet utanom Sverige og Finland, i 14 dagars heimekarantene. I statsråd 13. mars 2020 vart forskrift om karantene etter reiser utenfor Norden fastsett. 

Hand- og hostehygiene er viktig

Følg råda som kan førebygge smitte. Vask hendene ofte med vatn og såpe. Ved hoste bruk anten papirlommetørkle eller host i albogen, og ikkje host mot andre menneske.

Nye retningslinjer for testing for koronavirus

Nasjonale myndigheiter vurderer no at vi er over i ein fase der det vil finnast spreiing av koronaviruset i samfunnet, også utan at folk har vore på reise til utlandet. Det viktige no er at alle som kan vere smitta, held seg heime for å unngå å smitte andre. Det er også svært viktig at vi oppdagar smitte hos dei mest sårbare og hos helsepersonell som skal behandle desse. Hos disse må vi fortsatt ha fokus på testing og smitteoppsporing.

Denne strategien er nasjonal og vert gjeldande også i Stad kommune sjølv om ein i Stad per i dag ikkje har haldepunkt for at det finst smitte internt i lokalsamfunnet.

Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakte helsevesenet med mindre dei har behov for helsehjelp. Ein test for koronavirus vil ikkje gjere noko utslag for oppfølginga gitt at ein uansett må halde seg i karantene.

Det er forståeleg at folk ønskjer å få avklara om dei er smitta eller ikkje, men slik situasjonen er må ein gjere prioriteringar for å beskytte dei mest sårbare i samfunnet og dei som behandlar dei. 


Følgande personar skal no testast for koronavirus (covid-19):

 
•    Pasientar med akutt innsetjande luftvegsinfeksjon* med behov for innlegging i sjukehus.
•    Innlagde pasientar i alle helseinstitusjonar med teikn til akutt luftvegsinfeksjon*.
•    Tilsette i helsetenesta med pasientnært arbeid som får akutt innsetjande luftvegsinfeksjon* (uavhengig av evt. eksponering eller reiseaktivitet).
•    Personar med akutt luftvegsinfeksjon* som har vore i nærkontakt med eit bekrefta tilfelle av koronavirussjukdom. Ved uklarhet om kven som er nærkontakter vert dette avgjort av lokale helsemyndigheiter. 
•    Spesielt sårbare grupper bør vurderast for testing sjølv ved milde symptom.

*akutt luftveisinfeksjon med minst ett av symptomene feber, hoste, kortpustethet.

Kva gjer du om du er sjuk og treng helsehjelp, eller meiner du skal testast for koronavirus?

Ta telefonisk kontakt med ditt fastlegekontor. Er det utanom vanleg kontortid, tar du telefonisk kontakt med legevakta (116 117). Du får då snakke med lege som vil vurdere smitterisiko og planlegge vidare transport, oppfølging og prøvetaking av deg. Inntil du har vore til lege skal du unngå nærkontakt med andre menneske, og du skal unngå bruk av kollektiv transport.

Vi ber dykk om Ikkje ring oss om anna enn akutte tilfelle!
Oppmoding frå kommuneoverlegen: Mange er bekymra og har mange spørsmål omkring koronavirus. Dette fører til ein ekstrem pågang på telefon til legekontora i kommunen. Dette gir risiko for at personar som treng akutt helsehjelp, ikkje kjem igjennom til oss. Vi oppmodar derfor alle til å søke informasjon på helsenorge.no om dei treng råd og rettleiing omkring koronavirus. Om ein ikkje finn svar der, kan ein også ringe nasjonal informasjonstelefon om koronavirus på telefon 815 55 015. Alle kan med dette gjere sitt for at pasientar som treng akutt legehjelp, får denne så raskt som dei treng det. 
 

Alle som kjem frå reise i utlandet skal i karantene


Personar som har vore på reise i utlandet (utanom Sverige og Finland) skal halde seg heime i 14 dagar etter heimkomst, uavhengig av om dei har symptom eller ikkje. Info om karantene og isolasjon

Besøk i sjukehus og kommunale helseinstitusjonar


Vi anbefaler at personar som har vore i område med vedvarande spreiing dei siste 14 dagane, ikkje besøker helseinstitusjonar dersom det ikkje er heilt nødvendig. Dersom besøk ikkje kan unngåast, må avdelinga der pasienten ligg, først kontaktast per telefon, slik at nødvendige smitteverntiltak kan setjast i verk.

Vi tilrår også at ein i størst mogeleg grad unngår besøk til helseinstitusjonar om ein har teikn til luftvegssjuksdom eller anna smittsam sjukdom uavhengig av mistanke om koronasmitte. 

FHI.no og nasjonal informasjonstelefon

Om du treng informasjon om koronaviruset og den noverande situasjonen, finn du dette på nettsidene til Folkehelseinstituttet. Om du ikkje finn informasjonen du søker der, kan du ringe den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015.


Informasjon om koronaviruset

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet følgjer nøye med på virusutbrotet. Du vil finne oppdatert informasjon og fakta på dei nasjonale nettsidene: 

•    Helsenorge.no

•    Folkehelseinstituttet
•    Helsedirektoratet
•    Råd og informasjon til risikogrupper
•    Råd til skular, SFO og barnehagar (alle skular og barnehagar er stengde frå 13.-26. mars).

Helsedirektoratet har laga ein god informasjonsfilm, særleg retta til born og unge. Denne eignar seg for alle.

 

Information about coronavirus disease, COVID-19,  in English

 
Norwegian Institute of Public Health 
 


 

Kontakt

Thomas Vingen Vedeld
Kommuneoverlege
E-post
Mobil 474 86 417