Oppfriskingsdose med koronavaksine til deg som er 65 år eller eldreStad kommune tilbyr oppfriskingsdose med koronavaksine (ein tredje dose) til alle som er 65 år (fødde i 1956) eller eldre. Oppfriskingsdosen vert gitt til personar som frå før er fullvaksinerte, men som ein ønskjer skal få ein forsterka beskyttelse på grunn av auka risiko for alvorleg sjukdom ved høg alder. Anbefalinga er at oppfriskingsdosen vert gitt minst fire og ein halv månader etter at ein fekk dose to. Vaksinasjonsdagar på Nordfjordeid: Torsdag 18. november i Eid idrettshus - drop in 09.30-14.30 Onsdag 1. desember i Eid idrettshus - drop-in 09.30-14.30 Torsdag 9. desember i Eid Idrettshus – drop-in 09.30-14.30 Fredag 17. desember i Eid Idrettshus - drop-in 09.30-14.30 Drop-in vaksinasjon. Du treng ikkje bestille time. Vaksinasjonsdagar i Selje: Torsdag 18. november på Selje legekontor - timebestilling Onsdag 1. desember på Selje Skule - timebestilling Torsdag 9. desember på Selje Skule - timebestilling Torsdag 16. desember på Selje Legekontor - timebestilling Ring 94 81 87 30 for timebestilling (måndag, onsdag og torsdag 10.00-14.00). Publisert 08.11.2021 09.13 Sist endra 17.12.2021 20.29