Oppfriskingsdose

Oppfriskingsdose

Informasjon om oppfriskingsdose til deg som er 18-64 år og har høg risiko for alvorleg forløp av covid-19.

Personar med medisinske tilstandar som gir høg risiko for alvorleg forløp av covid-19 (prioriteringsgruppe 4) vart prioritert for tidleg grunnvaksinasjon på lik linje med aldersgruppa 65-74 år. Så langt har oppfriskingsdose til dei som er 65 år eller eldre hatt høgast prioritet, men frå veke 50 opnar vi for oppfriskingsdose til deg som er 18-64 år og har høg risiko for alvorleg forløp av covid-19.  Alle i denne gruppa vert no anbefalt ein oppfriskingsdose.

  • Oppfriskingsdosen vert gitt til personar som frå før er fullvaksinerte, men som ein ønskjer skal få ein forsterka beskyttelse på grunn av auka risiko for alvorleg sjukdom
  • Anbefalinga er at oppfriskingsdosen vert gitt minst fire og ein halv månader etter at ein fekk dose 2 (eller dose 3 for dei som har hatt tre dosar som grunnvaksinasjon).
     
  • Vaksinasjonsdag på Nordfjordeid:
    • Fredag 17. desember i Eid Idrettshus - drop-in 09.30-14.30
  • Drop-in vaksinasjon. Du treng ikkje bestille time.
     
  • Vaksinasjonsdag i Selje:
    • Torsdag 16. desember på Selje Legekontor – timebestilling
  • Ring 94 81 87 30 for timebestilling (måndag, onsdag og torsdag 10.00-14.00).
     

Medisinske tilstandar som gir høg risiko for alvorleg forløp ved covid-19:

  • Organtransplantasjon 
  • Immunsvikt 
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år 
  • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS og cerebral parese) 
  • Downs syndrom
  • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon