Oppmodar til jakt på gås

Utmarksforvaltaren oppmodar til jakt på gås, spesielt Kanadagås. 

Gåsa kan gjere store skader på innmark og grasavlingar, både i form av beiting og tilskiting. Kanadagåsa er ein uønska art i Noreg og er med på framandartslista, der har den kategorien SE (svært høg risiko). I følge artsdatabanken er dette den fuglearten som påførar mest skade på både natur og miljø. 

Jakttida på Kanadagås og grågås er frå 10.august til 23.desember. Som all anna utøving av jakt, skal denne også vere sikker og human.