Oppstart av Stad Demenskor

Har du, eller er du pårørande til nokon med kognitiv svikt? Gode krefter har no gått saman om å starte Stad Demenskor!

Demenskoret på NRK har fått ein fantastisk mottaking og bidrar til auka openheit og forståing for personar med demens og deira pårørande. Musikk og samspel med andre kan ha ein positiv effekt på kognitive utfordringar, og kan føre til oppleving av glede og verdifulle augeblikk av meistring. Evna til å synge og huske melodiar beheld dei fleste menneske med demens. Forsking viser at song og musikk har ein positiv effekt på symptom og livskvalitet hjå personar med demens.

Det nye tilbodet i Stad er eit samarbeid mellom Stad demensforeining, Kari Pavelich og Unn Elin Carlsen, Frivilligsentralen og Stad kommune. Demenskoret skal vere eit lavterskeltilbod for personar med demens eller kognitiv svikt, og er eit prøveprosjekt fram til sommaren 2023. 

Ein ser føre seg at alle som vert med som aktive kormedlemmar, har med seg følge på øvingane, så vi er avhengige av at pårørande eller andre frivillige stiller opp og hjelper til med det praktiske, til dømes med å lage til kveldsmat eller kaffimat på øvingane. Stad demensforening vil bidra med å søkje om midlar til forskjellige aktivitetar og til dekking av mat. Om nokon ønskjer å vere frivillig korvert, er det berre å melde seg til Frivilligsentralen ved Astrid Grete Torheim, som har tatt på seg ansvaret med å skaffe frivillige, seier dei engasjerte initiativtakarane Kari Pavelich og Unn Elin Carlsen.

Første øving vert 15. febr kl. 17.30 - 19.00 på Dagsenteret (på Hogatunet). Tilbodet er gratis.

Flyer om tilbodet Stad demenskor. (PDF, 354 kB)

Påmelding

Vil du vere med i Stad demenskor?
Påmelding til Eid Frivilligsentral tlf. 414 60 042
e-post
: post@eid.frivilligsentral.no

Pårørande/følgjeperson

Alle deltakarane på demenskoret må ha med ein pårørande eller ein følgjeperson på øvinga. Pårørande skal først og fremst vere der for kordeltakaren dersom han/ho treng noko assistanse.

Dei som ønskjer det kan vere med
som korvert og lage til kveldsmåltid.
Det kan vere at det etterkvart vert lagt opp til samtalegrupper, pårørandeskule eller andre eigne aktivitetar for pårørande. Her vert vegen
til medan vi går, og det er lov å kome med ønskje til aktivitetar for pårørande/følgjeperson.

Stad Demensforeining

Demenskoret er ein aktivitet som Stad Demensforeining er med både
å organisere og
finanisere Foreininga arbeider for auka forståing for demenssjukdom, tilrettelegging av aktivitetar for personar med demens,
eit demensvennleg samfunn m.m. Som deltakar/pårørande i koret treng du
ikkje vere medlem av foreininga, men Stad Demensforeining er glade for alle
som har lyst å vere med.


Om det er aktuelt for deg så kontakt:                    
Jorund
Levorstad tlf. 99326826 e-post: jorund.levorstad@gmail.com
Stad Demensforeining er tilslutta Nasjonalforeningen for folkehelse.