VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Over 3000 innbyggjarar på Nordfjordeid

Over 3000 innbyggjarar på Nordfjordeid

Innbyggjartalet på Nordfjordeid, kommunesenteret i nye Stad kommune, er for fyrste gong over 3000 innbyggjarar. Det syner nye tal frå SSB over folketal i norske tettstadar. 

- Nordfjordeid har dei siste 5-6 åra styrka seg som eit senter både for bustadbygging, handel og tenester. Det er ein milepæl at vi no for fyrste gong er over 3000 innbyggjarar i tettstaden Nordfjordeid. Med mange nye bustadprosjekt på gang, er det all grunn til å tru at talet vil halde fram å auke, seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo. 

- Det er også gledeleg å sjå at innbyggartalet er aukande også i Selje tettstad, og jamnt eller svakt aukande også i dei andre tettstadane i Stad kommune som er med i SSB sin statistikk (Leikanger på Stadlandet, Bryggja, Stårheim/Torvika og Mogrenda). - Stadig fleire, både unge og gamle, ynskjer å bu nær tenester og servicetilbod, og det er viktig at vi som kommune klarer å legge til rette for auka bustadbygging både i kommunesenteret Nordfjordeid og andre tettsteder i kommunen, seier ordførar Alfred Bjørlo. 

Nordfjordeid har pr 2019 eit innbyggjartal på 3.018, ein vekst på 44 personar fra året før. Innbyggjartalet på Nordfjordeid var fram til 2013 stabilt på ca 2600-2700 innbyggjarar, men har sidan 2013 auka med nær 300 innbyggjarar og er no for fyrste gong over 3000. Nordfjordeid er med det den sjette største tettstaden i gamle Sogn og Fjordane fylke. Dersom trenden held fram, vil Nordfjordeid i 2021 passere Øvre Årdal og bli mellom dei fem største tettstedene i nordlige del av nye Vestland fylke.