Frå 01.01.2020 er det kommunane som har løyvingsfullmakta for tilskot til alle skogbrukstiltaka etter «Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket» (NMSK-forskrifta). Fylkesmannen fordeler rammer til kommunane for dei statlege tilskotsordningane som omfattast av forskrifta.
Denne fordelinga er underlagt instruksjonsretten hjå statsforvaltinga, og instruksjonsmynda er delegert frå Landbruks- og matdepartementet til Landbruksdirektoratet og fylkesmennene. Avgjersler i medhald av denne instruksjonsmynda er ikkje enkeltvedtak, jf. forvaltingslova § 2, og kan ikkje klagast på.
Dei følgjande retningslinene byggjer på ”Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket”, retningslinjer utarbeidd av Fylkesmannen i Vestland for 2019 og orientering om tilskot frå Fylkesmannen i Vestland for 2020.
Stad kommune skal i dialog med lokallag, landbruksorganisasjonane og Fylkesmannen fastsette desse retningslinene. Retningslinene skal gjelde fram til nye vert publisert.
Utkast av retningslinjer er hermed sendt ut til utsegn frå relevante mottakarar.
I tillegg er utkast utlyst på heimesida til Stad kommune og på Facebook.
For dei som ikkje brukar internett, ligg eksemplar på sentralbordet i Stad kommune.
Har du innspel?
Retningslinjer er lagt ut for at alle offentlege organ, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg i før vedtak av Overordna retningslinjer.
Du har høve til å kome med skriftleg uttale til Overordna retningslinjene.
Frist for å kome med uttale er sett til 20. mars 2020
Uttale skal merkast 20/460 og sendast per e-post; post@stad.kommune.no eller post til
Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
Vidare handsaming:
Når høyringsfristen er ute, vil Landbrukssjef samanfatte innkome uttaler og vurdere disse slik at dei vert framlagde til politisk handsamning i Teknisk – og samfunnsutval og vidare hjå Kommunestret til endeleg handsaming.
Dersom det ikkje kjem inn vesentlege merknader, vert Overordna retningslinjer lagd fram for handsaming som den er.
Sjå planen her