VELKOMEN til ny kommune og ny nettside!

Øystein vart første nye «Stadsborgar»

Øystein vart første nye «Stadsborgar»

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Øystein Wiig Rambøl fekk i dag overrekt diplomet som syner at han er den aller fyrste nye «Stadsborgaren» etter at Stad kommune vart skipa ved overgangen frå 2019 til 2020. Vi gratulerer! 

Øystein Wiig Rambøl (67) har dei siste ti åra budd og drive restaurant i Marbella i Spania. Han flyttar no frå Spania til Stadlandet for å arbeide som dagleg leiar på nye Stad Hotell. Flyttedatoen hans frå Spania til Stad er 01.01.2020 – dermed er han den fyrste nye innbyggjaren i Stad! 

Øystein er utdanna kokk og sommelier (vinkelner), og har drive eigne restaurantar i ei årrekkje. Han har blitt kjend med Stad gjennom mange års samarbeid med Ervik Havfiske, mellom anna ved å arrangere middagar og mottakingar for Ervik Havfiske i Spania. No tar han spranget tilbake til heimlandet – og gler seg stort til å vere med å utvikle det flotte nye hotellet ved sjøkanten i Leikaner på Stad. 

Øystein er også svært operainteressert og ein dyktig songar, og har allereie besøkt og latt seg inspirere av Opera Nordfjord, samtidig som musikarar frå operamiljøet på Eid er hyra inn for å spele på nye Stad Hotell.
 
- Å vere ein attraktiv stad å flytte til for folk i alle aldrar er viktig for nye Stad kommune, seier ordførar Alfred Bjørlo. – Vi har eit mål om å bli 10.000 i Stad innan 2030 (i dag er vi ca 9.400), og kjem til å setje trykk på dette arbeidet i åra framover.  – Då er det kjekt å starte med å gjere litt ekstra stas på den fyrste nye innbyggjaren som flyttar til Stad. Vi skal også gje ei skikkeleg velkomstgåve til det fyrste barnet som blir fødd i Stad, seier Alfred Bjørlo. 

Vi ønskjer Øystein velkomen til Stad kommune – og ser fram til mange fleire nye unge og gamle Stadsborgarar i åra som kjem!