PEFC-kurs 17. februar

Karoline Bjerkeset, Stad kommune

Torsdag 17. februar vert det arrangert PFEC-kurs for skogeigarar i Stad og Gloppen. Skal du hogge og levere tømmer sjølv til tømmerkjøpar, må du vere PFEC-sertifisert.

PFEC er dokumentasjon på at tømmeret kjem frå ein skog som vert forvalta og hogd på ein berekraftig måte. PEFC-standarden er revidert og nye krav gjeld frå 1. mars slik at om du ynskjer å vere sertifisert etter at dei nye krava trer i kraft, bør du nytte høvet til å ta kurset. Kurset vert halde av instruktør frå Skogkurs . Første halvdel av dagen vert helde innandørs i kommunestyresalen på Rådhuset på Eid og etter lunsj vil det vere synfaring ute. Hugs kle etter vèr- og føretilhøve.  

 

Pris for medlemmar 650,- (medlemsskap 350kr/året), pris for ikkje-medlemmar: 1500 kr

Kurset er eit samarbeid mellom Skogselskapet i Sogn og Fjordane, Ytre Nordfjord skogeigarlag og Gloppen skogeigarlag og landbrukskontoret for Gloppen og Stad.

 

Tid og stad: Kommunestyresalen på Rådhuset på Nordfjordeid torsdag 17. februar kl. 0900-1500.

 

Du melder deg på kurset her: https://skogselskapet.no/kappedagar-og-pefc-kurs-vinteren-2023/

 

Førstemann til mølla!

 

Karoline Aldis Bjerkeset
Landbruksrådgjevar| 97991049
Stad kommune
6770 Nordfjordeid | Landbrukskontoret for Gloppen og Stad