Planprogram for kommunedelplan for oppvekst er vedteke

Stad formannskap har vedteke planprogrammet for utarbeiding av kommunedelplan for oppvekst. 

Kommunedelplan for oppvekst skal vere eit heilskapleg, strategisk verktøy for å sikre barn og unge ein trygg og god oppvekst i kommunen.

Kommunen har saman med mange andre aktørar i samfunnet, ansvar for å skape eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Kommunedelplanen for oppvekst skal danne grunnlaget for det. 

Her finn du det vedteke planprogrammet for kommunedelplan for oppvekst:

Vedteke planprogram (PDF, 2 MB)

Stad formannskap sitt vedtak av planprogram, 9. september 2021. 

Planprogrammet beskriver vegen fram mot endeleg kommunedelplan. 

Vegen vidare?
Prosjektgruppa for kommunedelplan for oppvekst skal utarbeide eit planforslag i løpet av haust og vinter 2021/22. Det er venta at kommunedelplanen for oppvekst vil bli lagt fram til politisk behandling vår 2022. Brei medverknad og involvering av relevante aktørar i utarbeidingsprosessen vert vektlagt.