Stad

Program for feiring/aktivitetsdag i Stad kommune 1. februar!

Program for feiring/aktivitetsdag i Stad kommune 1. februar!

Laurdag 1. februar feirar vi vårt nye fellesskap med ein aktivitetslaurdag for born og unge frå heile kommunen!  Sett av dagen, ta med deg familien og kos deg med fine opplevingar – heilt gratis! 

Velkomen til alle! - Også deg som er på besøk i Stad kommune denne dagen!

Dagens MENY:
Kl 10-17.00    Ellie og Timba besøker ALTI! Gratis ansiktsmaling og moro for dei små.
Kl 11-14.00    Opent bibliotek på Operahuset med konkurransar aktivitetar og utlån.
Kl 11-13.00    Gratis barneriding og hesteklapping på Norsk Fjordhestsenter.
Kl 12-16.00    Gratis bading i Eid symjehall.
Kl 12-15.00    Gratis klatring og buldring for born og unge på Hamna Trening!
Kl 14-16.00    Open kiosk-kafé med kaffi og kaker, Operahuset.
Kl 15.00         Gratis kino: Den avskyelige snømannen. Billettar blir delt ut på Operahuset frå kl 14.30. Først til mølla! 
Kl 17.00         UKM - Ung Kultur Møtast, kunstutstilling og forestilling i Operahuset. Alle born gratis inngang.