Regionalt miljøprogram – utsett spreiefrist husdyrgjødsel

Svært mykje regn i sommar gjer at fristen for spreiing av husdyrgjødsel for tilskot gjennom regionalt miljøprogram (RMP) vert utsett til 25. august.

Den nye spreiefristen gjeld miljøtiltaka Spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging og Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange. I tillegg gjeld det utvalde vassdrag med elvemusling gjennom ordninga Spreiing av husdyrgjødsel om våren og/ eller i vekstsesongen.

Det vert presisert at arealet etter spreiing skal haustast ved slått eller beiting i år.