MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Ved spørsmål om testing for koronavirus - ta koronasjekken eller kontakt fastlege/legevakt.

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Informasjon til reisande - div. informasjonsmateriell for distribusjon /ulike språk

Registrering av helsepersonell

Registrering av helsepersonell

Har du jobb utanfor helse- og omsorgstenestene og har helsefagleg utdanning? Eller har du helsefagleg utdanning og ledig kapasitet for tida? - Då ber vi om at du registrerer deg hos oss.

Koronapandemien vil kunne sette helse- og omsorgstenestene i Stad kommune på prøve. Vi vil truleg ha behov for fleire folk i tenesta i tida som kjem.

Vi ber no om at alle som har helsefagleg utdanning og som ikkje arbeider i helsesektoren, registrerer seg hos oss! Vi ønskjer også at du registrerer deg dersom du studerer eller ikkje er i jobb. Vi treng å vite kva helsefagleg utdanning og erfaring du har.  

Du som allereie er tilsett i Stad kommune, treng ikkje registrere deg. Vi har oversyn over sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar som arbeider i skule, barnehage og i administrasjon.

I første omgang ønskjer vi berre ei oversikt over tilgjengeleg helsepersonell i kommunen. Førebels er det ikkje behov for å tilsette fleire, men du kan bli kontakta dersom situasjonen endrar seg.

Vi oppmodar alle om å dele denne informasjonen til andre som kan vere i målgruppa. 

Registrer deg her!