Rekneskap 2020 for Stad kommune: Overskot på 37 mill NOK

Stad kommune vil 22. februar levere førebels rekneskap 2020 for Stad kommune til Statistisk Sentralbyrå. Rekneskapen syner eit rekneskapsmessig overskot på 37 millionar NOK i det første driftsåret for den nye kommunen.

Årsakene til overskotet er samansette. Det er eit samla mindreforbruk på rammeområda (drifta) på 24,6 mill NOK, fordelt på alle sektorar/rammeområde. Meirinntekter frå refusjonar, tilskot, utleige og prosjektmidlar utgjer ein vesentleg del av mindreforbruket. Det er lågare utgifter knytt til avsetjingar til pensjon (lågare pensjonspremie), og mindre lønsauke i dei nasjonale lønsoppgjera enn budsjettert. Skatteinntektene, rammetilskotet frå staten og renteinntektene til Stad kommune er høgare enn budsjettert, medan kapitalkostnadene knytt til gjeld er lågare enn budsjettert.

Tilhøve som trekk i andre retninga er at flyktningtilskot er lågare enn budsjettert, og det er avsett midlar til tap på fordringar frå tidlegare Eid og Selje kommune.

Rekneskapen er enno ikkje revidert, slik at tala som no er levert SSB er førebelse. Rekneskap og årsmelding for 2020 skal handsamast i Stad kommunestyre 6. mai 2021. Overskotet vil bli tilrådd sett av til kommunens disposisjonsfond og rente-/avkastingsfond.

- Å byggje ein ny kommune er eit krevjande arbeid. Det har vore – og er framleis – uvisse om kor raskt vi klarer å byggje ein økonomisk berekraftig kommune der drifta er tilpassa inntektene. Det solide resultatet for 2020, gjer at eg ser langt meir optimistisk på arbeidet vidare. Resultatet betyr at vi kan starte opp i ny kommune med å byggje opp økonomiske reservar, i staden for å tappe gamle reservar frå Eid og Selje. Det er ein stor skilnad. Eg vil takke alle våre dyktige tilsette i heile kommuneorganisasjonen for å ha drege i lag i 2020 slik at vi kunne få dette til, seier Kommunedirektør Åslaug Krogsæter.

- Eg vil likevel minne om at resultatet ikkje er noka kvilepute. Når resultatet er så godt som det er i 2020, kjem det også av ytre tilhøve vi i liten grad kan påverke som pensjonspremie, nasjonale lønsoppgjer og lågt rentenivå.  Vi må arbeide vidare for å få ei drift som i størst mogleg grad er uavhengig av slike ytre tilhøve, seier Krogsæter.

- Eg vil på vegne av det politiske miljøet få rette ein stor takk til heile kommuneorganisasjonen for arbeidet i det fyrste året til Stad kommune. Det gode økonomiske resultatet vi no ser, betyr utruleg mykje for framtida og har berre vore mulig fordi ein har trekt lasset saman. Det seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo.

 – Det er all grunn til å vente eit stort trykk på utvikling og vekst i Stad kommune i åra framover. Slike «vekstsmerter» er krevjande å handtere for ein kommune - fordi presset på nye utgifter og investeringar kjem før venta auka inntekter i framtida. Då er det ekstra viktig at vi klarer å byggje opp fond og reservar – samtidig som vi har ei drift i det daglege som er økonomisk berekraftig og effektiv, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Kontaktinformasjon i Stad kommune:

- Kommunedirektør Åslaug Krogsæter, mobiltlf 909 13 333

- Økonomisjef Ole Starheim, mobiltlf 913 20 144

- Ordførar Alfred Bjørlo, mobiltlf 480 82 652