Rekordmange har førehandsrøysta i Stad kommune

Det er 2575 som har førehandsrøystinga ved årets Stortingsval i Stad kommune.

Ved kommunestyrevalet i 2019 var det 1500 som førehandsrøysta. Dersom valdeltakinga er tilsvarande som ved kommunestyrevalet i 2019 utgjer dette heile 50% av dei totale røystene! 

Etter at alle dei frammøte veljarane hadde fått avlagt røysta si på rådhuset fredag ettermiddag fekk dei to som har motteke fleirtalet av alle desse førehandsrøystene kvar sin blomebukett som takk for ein strålande innsats (på foto: Marianne Navelsaker og Pia Vonheim i Stad kommune)

Ein høg andel førehandsrøyster vil bidra til å lette trykket på sjølve valdagen og betre smittevern.

Stad kommune takkar alle som har førehandsrøysta – og ønskjer resten av veljarane velkomne til valting måndag 13. september.