Risikovurdering og vidare smitteverntiltak i Stad kommune frå onsdag 7. april

Gjennom påska har testing og smittesporing vist at ein no kan vurdere smittesituasjonen i kommunen som godt kontrollert. 

Den siste tida har ein fått nokre nye smittetilfelle, men desse har vore kopla til tidlegare smitta i utbrotet og utviklinga har vore som forventa

Sidan oppfølginga av utbrotet ikkje er heilt avslutta, opprettheld ein risikonivå 2 (kontroll med klynger) i Stad kommune ut denne veka. Situasjonen er likevel slik at ein ikkje lenger ser behov for eigne lokale smitteverntiltak i Stad kommune. Frå onsdag 7. april er det nasjonale anbefalingar og reglar kring smittevern som gjeld i kommunen. Desse samsvarer i stor grad med dei råda som har vore lokalt, men etter dei nasjonale anbefalingane kan barn og unge under 20 år delta på fritidsaktivitetar.

Oversikt over gjeldande nasjonale reglar og anbefalingar finn du her: https://www.helsenorge.no/koronavirus/oversikt-over-regler-og-anbefalinger/  Desse er gjeldande fram til ny vurdering 14. april.

Tida etter påske er ei sårbar tid med tanke på spreiing av smitte, og det er viktig at alle held fram med å følgje dei gjeldande smitteverntiltaka.   

Stad kommune oppfordrar framleis alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans