Samla oppdatering for covid-19-smitte i Stad kommune

Status pr tysdag 7. desember kl 18.00.

Onsdag 1. desember melde vi om til saman 17 personar med covid-19-smitte i kommunen. Dette var i starten fem personar ved Hogatunet bu- og behandlingssenter og 12 personar som var smitta i samband med eit arrangement veka før. Utbrotet har blitt følgt opp tett med vidare testing og andre tiltak rundt nye smitta i veka som har gått.  

Dei siste dagane er det ikkje funne fleire smitta ved Hogatunet bu- og behandlingssenter. Det samla talet på smitta er her fem bebuarar og ein tilsett – alle ved same avdeling.

Ved Nordfjordeid skule var ein fram til i går kjent med at åtte elevar var smitta. Dette var tre elevar i klasse 6A, ein elev i klasse 4B, to elevar i klasse 3B, ein elev i klasse 1B og ein elev i klasse 1C. Etter dette har ein ny elev i klasse 3B fått påvist covid-19-smitte med hurtigtest måndag kveld. Saka vert følgt opp med ny hurtigtesting av medelevane i klassen etter same modell som tidlegare. Det vert også lagt opp til ny hurtigtesting for elevar som var i SFO saman med eleven måndag. Ved Nordfjordeid skule har ein då så langt påvist smitte hos til saman ni elevar. Mange av desse vart opphaveleg smitta utanfor skulen med kopling til det nemnde arrangementet, og så langt er det berre to tilfelle av antatt smitteoverføring på skulen.

Ved Eid Ungdomsskule har ein elev i klasse 9B fått påvist covid-19-smitte med hurtigtest måndag kveld. Eleven har truleg blitt smitta i ei anna kommune. Eleven har ikkje vore på skulen dei siste skuledagane, og ein reknar smitterisikoen inn mot skulen som lav. Ein har likevel valt å iverksette hurtigtesting av medelevar i klassen for å sikre ei god kartlegging av evt. vidare smitte.

Den siste veka har det, i tillegg til dei tilfella som er meldt om knytt til skulen og Hogatunet, også blitt påvist ein del tilfelle av vidare smitte innanfor husstandar. Dette er som forventa. Sidan dette har vore i husstandar med kjent smitte, har dei nye smitta hatt få eller ingen nye nærkontaktar.

Den siste veka har det også vore eit mindre tal andre enkelttilfelle av covid-19-smitte i kommunen. Desse har i hovudsak hatt sannsynleg smitteveg utanfor kommunen.

Dei siste 14 dagane er det samla talet på covid-19-smitta i kommunen no om lag 40 personar. Det er ikkje meldt om alvorleg sjuke blant dei smitta. Barn, ungdom og fullvaksinerte vaksne har hatt milde symptom.

Til tross for eit høvesvis stort tal smitta dei siste 14 dagane, er det ikkje haldepunkt for utbreidd «villsmitte» i lokalmiljøa i kommunen. Fleirtalet av smittetilfella kan koplast til same hending eller til same miljø. Vi ser likevel at smitten kan finne ulike vegar og at også fullvaksinerte kan verte smitta. Vi må vere budde på at covid-19-smitte i noko grad vil finnast i kommunen i tida framover. Derfor er det svært viktig at folk testar seg og held seg heime ved symptom. Dette gjeld også fullvaksinerte. På denne måten kan mogeleg covid-19-smitte oppdagast tidleg og ein kan førebygge vidare spreiing av viruset.

Det er nasjonale anbefalingar og reglar som gjeld i Stad kommune, og vi oppmodar alle om å følgje desse.