Samling i Stad for å hjelpe lokalt næringslivStad Vekst, Stad kommune og NAV har i dag hatt møte pr video, og blitt samde om umiddelbar etablering av eit formelt samarbeid for å bistå næringslivet i Stad i den krevjande situasjonen etter koronautbrotet. - Stad Vekst vil etter avtale med kommunen samordne kontakten ut mot bedriftene i Stad for å få oversikt på situasjonen, få meldt inn kva behov for bistand som finst – og få rask informasjonsflyt mellom bedrifter, kommune og NAV om effektive tiltak for å sikre jobbar og bedrifter. Det seier styreleiar i Stad Vekst, Olav Steimler frå Ervik Havfiske. - Situasjonen er akkurat no akutt for mange små og store næringsdrivande, og det er mykje usikkerhet om framtida. Vi vil no i samarbeid gjere det vi kan for å kartlegge situasjonen for bedriftene, gje bedriftene hjelp til å kome gjennom krisa, og sikre at næringslivet i Stad kjem gjennom desse kritiske vekene og månadene på best mulig måte. Det seier ordførar i Stad kommune, Alfred Bjørlo. Stad Vekst ved dagleg leiar Olav Hjelle vil vere Stad kommune sitt samordna kontaktpunkt mot næringslivet både for inn- og utgåande informasjon, med kontinuerleg kontakt og informasjonsflyt med kommune og NAV. Stad Vekst vil bruke si Facebook-side som hovudkanal ut mot bedriftene, og setje inn ekstra ressursar på å handtere løpande dialog med bedriftene i kommunen. - Vi er glade for at det på nasjonalt nivå no kjem ein «krisepakke» retta mot næringslivet. Innhaldet i denne blir viktig å få raskt ut og tatt i bruk av våre små og store bedrifter, samtidig som vi også vil melde vidare til nasjonalt nivå kva ekstra behov og oppfølging som trengs i tida framover sett frå næringslivet i Stad sin ståstad, seier Olav Steimler og Alfred Bjørlo. Publisert 16.03.2020 12.14 Sist endra 16.03.2020 15.52