Samlokalisering og distriktshub i nasjonal distriktspilot

Samlokalisering og distriktshub i nasjonal distriktspilot

Stad kommune legg til rette for fleksible offentlege arbeidsplassar i den nasjonale «Statens Hus i distrikts-Noreg»-piloten på Nordfjordeid. Med dette ligg det til rette for at fleire statleg tilsette i framtida skal kunne arbeide desentralisert og kunne gjere det i felles arbeidsmiljø. Vi vonar at staten vil nytte sjansen til å legge ei slik moderne arbeidsform inn i den nasjonale piloten for framtidas distriktspolitikk som no skal på plass.

Det seier ordførar Gunnar Silden (V) og varaordførar Siri Sandvik (Ap) i Stad kommune i samband med at Formannskapet i Stad har vedtatt å ta prosjektansvar for å legge inn areal til fleksible og faste statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar i det nye «Statens Hus»-piloten på Nordfjordeid, der NAV, Skatteetaten og Politiet no skal samlokalisere seg. Stad kommune vil gjere det ved å be om at det blir lyst ut areal for ein såkalla «Distriktshub» i det nye Statens Hus som er under etablering. Stad kommune tek inntil vidare på seg prosjektansvaret for dette tiltaket, men vil arbeide for statleg og fylkeskommunal medfinansiering.

- No har vi ein gylden sjanse til å lage ein nasjonal modell for ein meir moderne og desentralisert stat som er i stand til å tenke på tvers av etats-siloar og sektorgrenser. Den sjansen kan ikkje regjeringa la gå frå seg, seier ordførar Gunnar Silden og varaordførar Siri Sandvik.

Stad kommune er vertskommune for den nasjonale pilotordninga «Statens hus», oppretta med det føremål å fornye norsk distriktspolitikk og prøve ut ein ny modell for «Statens Hus i distrikts-Noreg».

Pilot Stad løyser sitt oppdrag gjennom etablering av nytt Statens hus på Nordfjordeid ved samlokalisering av Skatteetaten, Nav og Politiet, og ved å etablere ein Distriktstenketank som skal utfordre på nye modellar for samstyring i offentleg forvalting og utvikling av fornya distriktspolitikk.

Konkurransegrunnlaget for nytt Statens hus på Nordfjordeid skal gå ut i januar 2023, etter at det i 2022 er gjennomført prekvalifisering av aktuelle tilbydarar.