Samskapingsprosjektet urbant landbruk

Bli med! - Saman skapar vi noko nytt!

Prosjektet urbant landbruk er eit av tre delprosjekt som ligg under forskingsprosjektet «Den samskapande kommunen». I prosjektet «urbant landbruk» ønskjer Stad kommune å utforske potensialet av urbant landbruk, og korleis ein kan bruke det for å skape eit enda meir levande sentrum med mykje aktivitet. 

Fire personar sitter på ein trapp - Klikk for stort bilete

Kva er urbant landbruk?

Urbant landbruk handlar om korleis ein kan bruke urbant areal til å dyrke mat. Ved urbant landbruk kan vi gi tilgang til dyrkingsareal og kunnskap om matdyrking til dei som ikkje har det elles. Urbant landbruk hjelper til med å danne arena der innbyggjarar møtast, kunnskapsutveksling, integrering og entreprenørskap. Vi kan skape grunnlag for at vi blir meir bevisste på forholdet mellom menneske og natur, og forståing for menneskeleg påverknad på naturen.

Døme på urbant landbruk:

  • Andelslandbruk
  • Dyrking på tak
  • Kombinert landbasert fiskeoppdrett og grønnsakproduksjon
  • Dyrking i høgda, t.d. i tomme industribygg eller birøkt
  • Dyrking i parsellhagar
  • Skolehagar
  • Felleshagar

Om prosjektet

Saman med alle dei som har lyst til å bidra, skal vi utvikle prosjektet urbant landbruk. Måten vi skal jobbe på vil følgje prinsippet «Samskaping».  Kva prosjektet skal innehalde, og kva aktivitetar som skal gjennomførast, blir bestemt saman med alle dei som er interessert. I første omgang vil prosjektet bli gjennomført på Nordfjordeid. Utviding etter behov og interesse til andre delar av kommunen er tenkeleg.

I midten av mai har Stad kommune gjennomført ei samling med ei lita prosjektgruppe. Den består av 8 ulike samfunnsaktørar. I samlinga har vi kartlagt kvifor Nordfjordeid treng urbant landbruk, og kva andre aktørar vi burde invitere inn i prosjektet.

Kva er vegen vidare?

Den 10. juni skal vi gjennomføre den andre samlinga i prosjektet. I ein idéutviklingsverkstad skal vi samle inn idéar og forslag om kva prosjektet skal handle om. Synes du det høyrest spennande ut?

Bli med!

Alle som har lyst til å bidra inn i prosjektet eller berre har lyst til å bli kjent med oss, er velkommen til neste møte. Send ein e-post til mirjam.kreisel@stad.kommune.no eller ring: 476 90 417

For å kunne delta i prosjektet treng du ikkje kunnskap, erfaring, utdanning osv.  Alt som trengs er at du er motivert til  å skape noko nytt i lag med andre!

Les meir om prosjektet Den samskapande kommunen!