MELDING

Info om korona i Stad kommune


Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).


Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Smittekartlegging er avslutta

Smittekartlegging er avslutta

Helse Førde har sidan fredag kartlagt pasientar og tilsette ved Nordfjord sjukehus som har hatt nærkontakt med legen som har fått påvist covid-19.

​​Resultatet av smittesporinga er at 25 pasientar og tilsette har hatt nær kontakt med legen. Tiltaka for desse er karantene og testing. Resultat av testar kjem måndag og tysdag.

- Ingen av dei som har hatt nærkontakt med den smitta legen, har så langt vist symptom på å vere sjuke, opplyser direktør for medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes.

Åtte polikliniske pasientar har vore i nær kontakt. I tillegg kjem sju inneliggande pasientar. Seks av desse er isolerte på einerom ved Nordfjord sjukehus. Den sjuande var overført til Førde sentralsjukehus før det blei kjent at legen var smitta, og er isolert der.

Ti tilsette er sette i karantene. Dei skal vere i karantene i ti dagar.

Ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus testa fredag 26. juni positivt på covid-19. Pasientar som treng innlegging, blir sende til Førde sentralsjukehus fram til situasjonen er avklara på Nordfjord sjukehus.