Sogndal, Førde og Eid vaks mest i 2019Sogndal, Førde og Eid var dei tre kommunane med størst vekst i folketalet i Sogn og Fjordane i 2019. Desse tre kommunane hadde til saman ein folketalsvekst på 280 personar, samtidig som folketalet i fylket samla gjekk attende. I Nordfjord har også Gloppen god vekst i folketalet i 2019. - Tala syner at det er mulig å skape vekst også i distrikts-Noreg. Den positive utviklinga i Eid dei siste åra skal vi no ta med oss vidare inn i nye Stad kommune, seier tidlegare ordførar i Eid og no ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (V). Folketalet i Eid vaks med 44 personar i det siste året i kommunen si historie, frå 6151 til 6195 innbyggjarar. Det var vekst i Eid også i 4. kvartal 2019. Folketalsveksten skuldast netto innflytting til kommunen, både innalands flytting og frå utlandet. I tidlegare Selje kommune var det ein folketalsnedgang på 18 i 2019, frå 2747 til 2729. - Eid har lagt stor vekt på å legge til rette for ny bustadbygging og tilflytting, og å byggje opp eit sterkt og attraktivt sentrum der det for tida er stor byggeaktivitet med nye leilegheiter. Dette er ein suksessfaktor for vekst, seier Alfred Bjørlo. Folketalet i nye Stad kommune er pr 1.1.2020 på 9457 innbyggjarar. Dette er summen av folketalet i tidlegare Eid og Selje kommunar, pluss Bryggja krins i tidlegare Vågsøy kommune. Publisert 27.02.2020 12.09 Sist endra 27.02.2020 12.09