Sommarjobb for deg mellom 14 og 20 år!

Eid Frivilligsentral og Selje Frivilligsentral har vore så heldige å få tildelt kr. 300.000,- frå Gjensidigestiftelsen til å kunne tilsette Sommarhjelper også i 2022. Ei sommarhjelp er ein ungdom mellom 14 og 20 år med folkeregistrert adresse i Stad kommune. Sommahjelpene dette året skal fortrinnsvis skape sommarmøteplassar for andre born/unge. No lyser vi ut stillingane. Søknad skjer på elektronisk skjema. Søknadsfrist er fredag 10. juni.
Vi tilbyr også gratis digitale kurs i å skrive ein god CV. 

Vi tilbyr minst 20 ungdomar sommarjobb i 1-3 veker i sommar. Arbeidstid 6 timar pr. dag hovudsakleg måndag til fredag.

Sommarhjelpene skal skape sommarmøteplassar for born/ungdom i BUA EId/Selje og på sosiale møtestader.

Sommarhjelpjobbar i helse- og omsorg og andre stader i Stad kommune kan også bli aktuelt. Her ventar vi på svar på nokre andre prosjektsøknader før vi veit sikkert om det blir.

Arbeidsstadar for sommarhjelpjobbane er Nordfjordeid og Selje.

Du som søkjer:
- er ein ungdom som er fødd mellom 2002 - 2008 (14-20 år) og har folkeregistrert adresse i Stad kommune.
- er ein ungdom som er pliktoppfyllande, kan følgje dei reglar og rutiner som er sett for jobben og møter presis.
- er ein ungdom som er kreativ, serviceinnstilt, likar å organisere aktivitetar og likar å bli kjend med og prate med nye folk.
- vil få god opplæring og oppfølging dersom du får tilbod om jobb.
- må lage ein CV når du søkjer.

Søknadsfrist er fredag 10. juni. 

Du må bruke digitalt søknadskjema for å kunne søkje sommarhjelpjobb. Søknadskjema finn du her:

Digitalt søknadsskjema - Sommarhjelp 2022

CV-kurs:
Dersom du ikkje veit kva ein CV er eller korleis du skriv ein CV, så arrangerer vi 2 CV-skrive kurs på Teams.  Alle som vil søkje på sommarjobbprosjektet til Eid og Selje Frivilligsentralar/ Gjensidigestiftelsen/ Stad kommune må lage ein CV for å kunne søkje jobb.

Vi tilbyr difor to gratis digitale kurs i å skrive ein god CV.

Målgruppe: Ungdom i Stad kommune mellom 14 og 20 år

Tidspunkt for kursa er:
Måndag 30/5 kl. 17.00 - 18.00 Klikk her for å delta

Tysdag 7/6 kl. 17.00 – 18.00 Klikk her for å delta

Tema vi er innom:
- Kva er ein CV?
- Kva er forskjellen mellom ein jobbsøknad og ein CV?
- Korleis skriv du ein god CV?
- Kva er og gjer ein referanse?

Kurshaldar: Berte Eidsvåg Eldevik, jobbspesialist i NAV Stad

Dette er ein time der du kan lære mykje som du garantert får bruk for!