MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Ved spørsmål om testing for koronavirus - ta koronasjekken eller kontakt fastlege/legevakt.

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Informasjon til reisande - div. informasjonsmateriell for distribusjon /ulike språk

Sommarope innbyggjartorg i Selje – også i helgane

Sommarope innbyggjartorg i Selje – også i helgane

Stad kommune har nyleg opna opp att innbyggjartorget i 1. etg, kommunehuset i Selje. I sommar vil innbyggjartorget også vere ope i helgene og ha utvida opningstider på vekedagane.

Opningstidene er måndag til fredag kl 08.00 - 18.00, laurdag og søndag 10.30 - 16.00. 

Innbyggjartorget er ein møtestad for innbyggjar og besøkande, der Stad kommune legg til  rette for informasjon, kommunikasjon og tilrettelegging av kommunale tenester og andre tilbod i lokalmiljøet.Her finn du tenester knytt til einingane kultur og lokal samfunnsutvikling som tek i vare Stad kommune si rolle som samfunnsutviklar innanfor stadutvikling, reiseliv, kultur, idrett og næring. 

På innbyggjartorget finn du mellom anna følgjande tilbod
•    Biblioteket der du kan låne bøker, filmar, tidsskrift,  du kan nytte pc og internett med meir.
•    Selje frivilligsentral, som er ein møtestad for frivillige der du også kan tinge møterom med videokonferanseutstyr på dagtid og ettermiddag/kveld. 
•    Turistinformasjonen der du kan få informasjon om reisemål i regionen og kjøpe suvenirar frå kunstnarar i Nordfjord. 
•    Sunniva- og klosterutstilling der du kan bli kjend med historia til Selja, Sta. Sunniva og klosteret. 
•    Selja pilegrimsstove der tilreisande pilegrimar kan kvile etter vandringa og nytte kjøkenet til enkel matlaging. 

Siste tilskot til innbyggjartorget er BUA Selje. BUA Selje opnar fredag 26.juni kl 15.00. BUA Selje ligg rett ved Seljesanden og her kan ein låne aktivitetsutstyr til born, ungdom og familiar. For å låne må ein møte på innbyggjartorget.

Sjå òg bua.io og https://www.facebook.com/BUASelje/ for oppdatert informasjon.

Vi arbeider med å få på plass frivillige slik at vi kan ha utvida opningstider på Bua også i sommar. Dersom du kunne tenke deg å bidra til dette må du gjerne ta kontakt med oss.

Du når tilsette i innbyggjartorget på telefon 57 88 58 00.